Penger.

Likelønn

Likestillings- og diskrimineringslova påbyr lik lønn for likt arbeid eller arbeid av lik verdi, uavhengig av kjønn. Å lønne kvinner og menn ulikt fordi dei er av ulikt kjønn, er diskriminering i strid med lova.

Lønna skal fastsetjast på same måte for kvinner som for menn. Det inneber at arbeidsgivaren må bruke dei same prinsippa for fastsetjinga av lønn for begge kjønn. Det vil vere i strid med lova dersom kvinner har fastlønn og menn har resultatlønn. Tilleggsgode er også ein del av lønna. Dersom bedrifta tilbyr vaskehjelp som frynsegode berre til kvinnelege leiarar, vil det vere i strid med lova.

Forskjellsbehandling som i utgangspunktet er kjønnsnøytral, men som fører til at det eine kjønnet kjem dårlegare ut enn det andre, kan vere ulovleg. Dette kallast indirekte diskriminering. Dersom deltidstilsette ikkje har tilgang til dei same økonomiske goda som heiltidstilsette, kan dette vere indirekte diskriminering av kvinner fordi veldig mange deltidstilsette er kvinner.

Arbeid av lik verdi

Arbeid av lik verdi skal lønnast likt. Dersom ei kvinne og ein mann i ei verksemd utfører arbeid av lik verdi, men har ulik lønn, kan det vere i strid med likestillings- og diskrimineringslova. Verdien på arbeidet skal målast gjennom ei samanlikning av stillingane. Samanlikninga kan skje på tvers av fag- og tariffgrenser. Det er ikkje noko i vegen for å samanlikne for eksempel arbeidet til ein snikkar med arbeidet til ein frisør. Ved vurderinga av om arbeidet er av lik verdi, skal ein måle faktorar som kompetanse, ansvar, påkjenning og arbeidsforhold.

Dersom stillingane har lik verdi, må arbeidsgivaren dokumentere at det ikkje er kjønn som er årsak til eventuelle lønnsforskjellar. Personlege prestasjonar, ansiennitet, utdanning, erfaring eller marknadsforhold kan vere grunn til å gi ulik lønn sjølv om arbeidet har lik verdi.

Same verksemd

Kravet om lik lønn i likestillings- og diskrimineringslova gjeld berre tilsette innan den same verksemda. Ei kvinne som er tilsett i det offentlege, kan for eksempel ikkje samanlikne seg med ein mann som er tilsett i ei privat verksemd. Innanfor offentleg sektor blir kvar einskild kommune rekna som same verksemd, og staten blir rekna som éi verksemd.

Tariffavtalar

Tariffavtalar kan vere i strid med lova dersom dei har avtalepunkt som fører til at kvinner og menn som utfører arbeid av lik verdi, blir lønte ulikt. Arbeidet kan samanliknast på tvers av tariffavtalar.

Føresegnene om lønn i likestillings- og diskrimineringslova finst i paragraf 34.