Kapittel 3 Årets aktivitetar og resultat

I 2015 fokuserte vi på fem område for å skape eit meir likestilt samfunn utan diskriminering.

  • Relevant og god hjelp til mange
  • Førebygging
  • Endring gjennom samarbeid
  • Tilsyn med FNs menneskerettskonvensjonar
  • LDO som kunnskapsorganisasjon

3.1 Relevant og god hjelp til mange

Likestillings- og diskrimineringsombodet er til for dei som blir diskriminerte. Vi er til for dei som treng råd og rettleiing, og for dei som vil klage på diskriminering. Vi skal gi god, effektiv og relevant hjelp.

Rettleiing

Ombodet skal være eit lågterskeltilbod som er lett tilgjengeleg for brukarane. Arbeidet med folk som har opplevd diskriminering kan delast i to verkemiddel: Rettleiing og klagesaksbehandling.

Dei fleste som tar kontakt med oss får først rettleiing. Målet med rettleiinga er at saka blir løyst raskt og med minst mulig belastning for den som er blitt diskriminert. Vi rettleier enkeltpersonar, arbeidsgjevarar, myndigheiter og andre som har spørsmål om likestilling og diskriminering. Dersom rettleiinga ikkje fører fram, kan det bli ei klagesak. Då gjer vi ei juridisk vurdering av saka, og kjem med eit fråsegn om personen er blitt utsett for diskriminering eller ikkje.

I 2015 fekk vi 1793 førespurnader om rettleiing. Dette er ei markant auke frå 2014. Det er 17 prosent fleire som nytta LDOs rettleiing i 2015 samanlikna med 2014. I tillegg ga vi rettleiing til rundt 80 enkeltpersonar på Facebook. Dette er folk som tek kontakt i direktemeldingar på sia vår på Facebook.  

Dei fleste som tek kontakt opplever å bli urettferdig behandla på grunnlag av kjønn, funksjonsevne eller etnisitet. Tabell 1 viser at desse sakene utgjer høvesvis 33%, 22% og 15% av rettleiingssakene.

Tabell 1 Registrerte rettleiingssaker etter diskrimineringsgrunnlag

Diskrimineringsgrunnlag

2015

Del

Alder

93

5 %

Etnisitet (inkludert språk)

265

15 %

Kjønn

593

33 %

Kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk

24

1 %

Nedsett funksjonsevne

393

22 %

Religion

58

3 %

Seksuell orientering

15

1 %

Anna[1]

352

20 %

Totalt

1793

100 %

[1] Mange saker fell i kategorien anna. Dette er saker som gjeld fleire diskrimineringsgrunnlag, saker som fell utanfor vårt mandat, eller der det er uklart kva diskrimineringsgrunnlag saka gjeld. 

Tabell 2 Registrerte rettleiingssaker etter samfunnsområde

Samfunnsområde

2015

Del

Arbeidsliv

847

47 %

Bustad

58

3 %

Offentleg forvaltning

189

11 %

Utdanning

123

7 %

Varer og tenester

282

16 %

Politi, rettsvesen

45

3 %

Anna[2]

249

14 %

Totalt

1793

100 %

[2] Anna er førespurnader om generell informasjon om rettar, og spørsmål som fell utanfor vårt mandat.

Dei fleste sakene gjeld diskriminering i arbeidslivet, følgt av saker om tilhøve som gjeld privat og offentleg vare- og tenesteyting og forskjellsbehandling i møte med offentleg forvalting.

Klagesaker

I 2015 registrerte vi 181 klagesaker. Dette er ein nedgang frå 2014, da vi registrerte 207 klagesaker. Talet på klagesaker har variert noko de forskjellige åra, med eit markert toppår 2009 då diskriminerings- og tilgjengelova tredde i kraft. Vi har grunn til å tru at noko av nedgangen skyldast at vi gir meir rettleiing i ein del av sakene, slik at dei som tek kontakt ikkje har same behov for å opprette ei klage.

Tabell 3: Klagesaker etter diskrimineringsgrunnlag

Diskrimineringsgrunnlag

2015

Del

Alder

17

10 %

Etnisitet (inkludert språk)

21

12 %

Kjønn

50

27 %

Kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk

5

3 %

Nedsett funksjonsevne

60

33 %

Religion

3

2 %

Seksuell orientering

1

1 %

Anna

24

14 %

Totalt

181

100 %

Dei fleste som klagar gjer det fordi dei opplever at dei er blitt forskjellsbehandla på grunn av si nedsette funksjonsevne. Forskjellsbehandling på grunn av kjønn, er den andre hovudårsaka til at folk klagar.

Tabell 4 Klagesak etter samfunnsområde

Samfunnsområde

2015

Del

Arbeidsliv

95

52 %

Bustad

5

3 %

Offentleg forvaltning

13

7 %

Utdanning

13

7 %

Varer og tenester

40

22 %

Politi, rettsvesen obs

4

2 %

Anna

11

6 %

Totalt

181

100 %

Tabell 4 viser at også dei fleste klagene gjeld området arbeidsliv.

Vi ferdigbehandla 219 klagesaker i 2015. Ein del saker blir sende til Likestillings- og diskrimineringsnemnda, fordi ein av partane er ueinige i utfallet. Både dei som er part i ei sak og ombodet, kan sende saker til nemnda.

2015 skil seg frå tidlegare år, både når det gjeld talet på saker som blei sendt til nemnda frå ombodet, og kor mange saker som fekk eit anna resultat etter behandling hos nemnda enn hos ombodet.

Tabell 5 viser at 98 saker blei sende til Likestillings- og diskrimineringsnemnda i 2015. Det har vore ei auke i talet saker som blir sende til nemnda dei siste åra. Frå 2014 til 2015 auka det med 35 prosent.

Av dei 98 sakene blei 57 påklaga til nemnda av klagaren og 30 av den innklaga. To saker blei påklaga av båe partar. Ombodet tok ni saker til nemnda.

Tabell 5 Saker klaga inn for Likestillings- og diskrimineringsnemnda, etter klagetype

Klaga inn av

2014

2015

Innklaga

24

31

Klagar

43

57

Båe

2

2

LDO

5

9

Totalt

74

98

 

Tabell 6 Resultat av saker etter behandling i nemnda i 2015

Resultat av behandling i nemnda

2014

2015

Delvis omgjorde

3

1

Omgjorde

11

24

Oppretthalde

36

27

Anna

4

2

Totalt

54

54

Tabell 6 viser resultat i sakene som var i nemnda i 2015. Det er ikkje nødvendigvis saker ombodet behandla i 2015. Mange av dei er frå tidlegare år. I 2015 kom nemnda til eit anna resultat i nær halvparten av sakene dei behandla. Det er eit høgt tal, og ei markant auke frå tidlegare år. Vanlegvis har nemnda gjort om konklusjonen i om lag 25 % av dei sakene nemnda har behandla.

Ombodet arbeider fortløpande med å analysere sakene som blir behandla i nemnda. Vi ser nå behovet for å gjere ein særs grundig analyse av sakene som nemnda behandla i 2015, gitt dei endringane som er skjedd. Det er viktig å vite om endringa skyldast særtrekk ved sakene, endra praksis hos ombodet eller i nemnda, eller andre omstende.

Låg terskel for å kontakte ombodet

For å hjelpe mange er det viktig å vere tilgjengeleg. Folk skal kunne ta kontakt med oss gjennom mange ulike kanalar. Vi gir rettleiing per brev, epost, sms, telefon og i sosiale medium. Det er òg mogleg å møte opp personleg.

For å senke terskelen for å komme i dialog med oss, satsar vi på arbeid med sosiale medium. LDO prioriterer Facebook og Twitter.

I 2015 opplevde vi at fleire tok kontakt med oss gjennom sosiale medium. Mange har spørsmål om opplevingar dei lurar på om er diskriminering, og korleis dei skal handtere det. Så langt det er mogleg svarar vi på spørsmåla vi får i sosiale medium, men dersom dialogen vert for kompleks eller personsensitiv, vel vi ein annan kommunikasjonskanal.

I rettleiinga vår og dialogen med ulike grupper er nettsida viktig. I februar 2015 lanserte vi ein oppdatert versjon av www.ldo.no, der rettleiing er i fokus. Nettsida skal vere ein kanal der vi gir rettleiing, og fortel folk, det vere seg enkeltpersonar, tillitsvalde eller arbeidsgjevarar, om rettar og plikter.

Betre og raskare hjelp

For å hjelpe dei som er utsette for diskriminering, er vi opptatt av at dei raskt skal komme i dialog med oss. Personar som ringer oss, skal få svar same dag. Når det gjeld spørsmål på epost, brev og i sosiale medium, skal første svar bli gitt så snart som mogleg, og seinast i løpet av ni dagar.

Vi har eit kontinuerleg fokus på å sikre rask saksbehandlingstid. Arbeidet har gitt resultat. Det var ein nedgang i saksbehandlingstid i 2014, som fortsette i 2015, sjå tabell 7. Gjennomsnittleg saksbehandlingstid for klagesaker var 246 dagar i 2015. I løpet av 2016 skal nye saker vere ferdig behandla innan 180 dagar.

Tabell 7 Sakshandsamingstid for klagesaker dei siste tre åra

År ut

Gjennomsnitt av sakshandsamingstid (dagar)

2013

360

2014

284

2015

246

Vi har fortsatt vårt arbeid med å redusere saksbehandlingstida på veiledningssaker. Av dei 1793 rettleiingssakene som er registrert i 2015, er 1520 avsluttet i løpet av 2015. Gjennomsnittlig behandlingstid for sakene som er avsluttet er 12 dager, en nedgang frå 25 dager i 2012, 21 dager i 2013 og 15 dager i 2014.

Prinsipielt viktige saker

For å hjelpe mange er det viktig for ombodet å bruke enkeltsakene til å endre diskriminerande strukturar. Sjølv om det ofte er enkeltpersonar som tek kontakt med oss, er årsakene ofte strukturelle problem som rammar mange. Det kan til dømes vere eit diskriminerande regelverk, ein praksis som set nokon i ein dårlegare posisjon enn andre, eller nye datasystem nokre grupper ikkje kan bruke.

Det er fleire årsaker til at det er viktig for oss å jobbe med prinsippsaker. Dei sett standarden for andre saker, dei bidrar til å endre rammevilkåra som fører til diskriminering, og dei kan bidra til å løfte opp problemområde til debatt, som igjen kan auka engasjement og forståing.

Ombodet behandla fleire prinsipielt viktige saker i 2015. Eit eksempel er ei klage mot politiet i Hordaland, som ikkje avhøyrde eit offer for seksuelt misbruk. Vi meinte politiet diskriminerte jenta fordi ho har nedsett funksjonsevne. Vi brukte saka som ein del av rapporteringa til FNs CRPD-komité. Saka fekk mykje merksemd, og politiet har sagt at dei vil endre rutinane.

I 2015 har vi hatt fleire prinsipielt viktige saker om seksuell trakassering. Ombodet tek ikkje stilling til om den som klagar har vore utsett for seksuell trakassering eller ei, men om arbeidsgjevar har gjort nok for å førebyggje og handtere saka. Til dømes tok ein kvinneleg brannkonstabel kontakt med oss. I hennar sak konkluderte vi med at arbeidsgjevar verken hadde gode nok rutinar for å førebyggje seksuell trakassering, eller hadde handtert saka godt nok. I tillegg hadde kvinna blitt utsatt for gjengjelding. I denne saka og fleire andre, har arbeidsgjevar teke ansvar og rydda opp i etterkant.

I 2015 behandla ombodet ei sak om soningsforhold ved eit fengsel der kvinner ikkje fekk dei same tilboda som mannlege innsette. Ombodet kom til at det var brot på likestillingslova. Fengselet retta opp forholdet. Ombodet har jamleg fått klager på diskriminerande soningsforhold, når det gjeld kjønn, etnisitet og nedsett funksjonsevne, og vil i 2016 sette i gong eit prosjekt for å sjå nærare på diskriminering i norske fengsel.

Ei anna sak som ombodet behandla i 2015 handla om ein iransk student som fekk avslag på søknaden om opptak til eit ingeniørstudium på ein høgskule, fordi hon er iransk statsborgar. Ombodet konkluderte med brot på forbodet mot diskriminering på grunn av etnisitet. Også i denne saka la ombodet vekt på at retten til utdanning er ein grunnleggande menneskerett, og viste særleg til CRPD artikkel 24. Saken løyste seg ved at høgskulen skulle gjere ein individuell vurdering av søknaden til studenten, og gå i dialog med relevante departement om praktiseringa av eksportkontrollregelverket.

Saker på eiget initiativ

LDO kan ta opp saker om diskriminering på eiget initiativ, når vi blir kjend med moglege diskrimineringssaker gjennom media, i samfunnsdebatten, eller ved at enkeltpersonar tipsar oss.

Kvart år tar vi fleire stillingsannonsar på eiget initiativ. Vi blir tipsa gjennom media, sosiale medium og gjennom rettleiinga vår. Vi har fleire døme der arbeidsgjevarar søker etter personar i ei spesifikk aldersgruppe, noko dei ikkje har lov til, og endrar praksis etter vi har teke kontakt med dei.

Vi tek også klagesaker på eiget initiativ. Den saka som fekk mest merksemd i 2015 var mot Come Back Hårdesign på Bryne. Eigaren av frisørsalongen nekta å ha kundar som brukte hijab. Vi kom med eit fråsegn om at dette var brot på lova, og eigaren av frisørsalongen retta seg etter dette. 

3.2 Førebygging

Arbeidet vårt handlar ikkje berre om å hjelpe dei som har opplevd diskriminering. Det handlar òg om å førebygge, og å sikre at dei strukturane og ordningane vi har i samfunnet, faktisk bidrar til å fremme likestilling og hindre diskriminering. Mykje av rettleiingsarbeidet vårt omhandlar å gi råd og rettleiing til arbeidsgjevarar, styresmakter og andre, slik at dei jobbar på ein måte som fremmer like høve for alle.

Ombodet skal påpeke samfunnsskapte barrierar som hindrar like høve, spreie informasjon om likestilling og diskriminering, og ta initiativ til debattar om både status på området og ulike verkemiddel som kan brukast i arbeidet for eit meir likestilt samfunn.

Kampanje mot diskriminering i samband med graviditet og foreldrepermisjon

Arbeidslivet er nøkkelen til eit likestilt samfunn, og er eit eiget satsingsområde i LDO. Arbeidslivet er det samfunnsområdet vi får flest førespurnader om, og behandler flest klagesaker om.

I 2015 gjennomførte vi ein kampanje mot diskriminering på grunn av graviditet og foreldrepermisjon. Kampanjen bestod av fleire ulike tiltak. Vi gjennomførte ei omfangsundersøking for å finne ut kor mange som blir ramma av denne forma for diskriminering. Undersøkinga hadde 2014 respondentar, og viste at 55 prosent av kvinnelige og 22 prosent av mannlege arbeidstakarar har opplevd ein eller fleire former for diskriminering knytt til graviditet eller foreldrepermisjon.

Som ein del av kampanjen utvikla vi informasjon om rettane til enkeltpersonar, og ein rettleiar til arbeidsgjevarar på nettsida vår www.ldo.no. Denne fokuserte på nyttige verktøy for arbeidsgjevarar, og trakk fram verksemder som har gjort ein god jobb på området. Vi utvikla opplæringsmodular, som blir brukt i foredrag og på seminar for tillitsvalde, arbeidsgjevarar og rådgjevarar i sivilt samfunn. Vi hadde ein annonse i Svangerskapsboka, som når 80 prosent av alle gravide og nybakte foreldre i Noreg. I tillegg hadde vi ein stor kampanje i sosiale medium, der vi oppfordra kvinner og menn til å besøke nettsida vår, og å ta kontakt med oss dersom dei opplevde diskriminering då dei skulle ha barn.

Kampanjen fekk mykje merksemd i media og i sosiale medium. Kampanjen og omfangsundersøkinga fekk 92 presseoppslag, og kampanjen i sosiale medium nådde 630 000 menneske. I snitt besøkte 3577 personer www.ldo.no kvar dag i kampanjeperioden. Vi trur at årsaka til auka i talet på rettleiingssaker hos oss i 2015 ligg i denne kampanjen, og den merksemda den fekk. LDO utviklar ein digital strategi i 2016 for å føre dette arbeidet vidare.

Førebygging ved å rettleie om plikter

Det er ein viktig del av arbeidet vårt å gi arbeidsgjevarar, styresmakter og andre ansvarlege kunnskap om pliktene sine og om korleis dei skal gjere det aktive arbeidet for likestilling og det førebyggande arbeidet mot diskriminering.

Vi har gjennomført og delteke på fleire kursopplegg for aktørar i arbeidslivet. Vi prioriterer å gi informasjon og opplæring til personar, organisasjonar og verksemder som igjen når ut bredt. Kursa gir også LDO kunnskap om og innsikt i utfordringar våre brukargrupper har, og er dermed viktige i arbeidet vårt.

Vi har i fleire år samarbeida med Næringsetaten i Oslo. Dette går ut på å tipse kvarandre om diskrimineringssaker. Sommaren 2015 tok vi samarbeidet til eit nytt nivå, og oppsøkte fleire pubar, restaurantar og kafear saman. Vi ga rettleiing om forbodet mot diskriminering og sanksjonar ved brot på lova.

Ombodet fører tilsyn med og gir rettleiing om dei lovpålagde aktivitets- og rapporteringspliktene. Ombodet legg stor vekt på å rettleie om pliktene arbeidsgjevarar har for å fremme likestilling og hindre diskriminering. Gjennom rettleiingsarbeidet får vi innblikk i korleis arbeidsgjevarar jobbar med desse problemstillingane frå dag til dag, og kan bidra til at rutinane, praksisane og systema deira byggjer opp under målet om eit likestilt arbeidsliv.

I 2015 har vi jobba med opplæring og kursing av arbeidstakarorganisasjonar. Formålet har vore å få på plass gode rutinar for å hindre diskriminering og trakassering. Kampanjen mot diskriminering på grunn av graviditet og foreldrepermisjon har vore ein viktig del av dette arbeidet. Vi held mellom anna 34 foredrag og kurs som del av kampanjen.  

Engasjement for og debatt om likestilling

Media er ein viktig kanal for ombodet av fleire grunner. Vi bruker media for å spreie informasjon om rettar og plikter, og fortelle kva ombodet kan bidra med. Vi bruker også media til å legge press på styresmakter, og for å skape engasjement for likestillings- og antidiskrimineringsarbeid. Vi ser også at det er en samanheng mellom dei tema som får merksemd i media og førespurnadane vi får.

Vi baserer det vi seier i media og andre områder på forsking på likestillings- og diskrimineringsfeltet, og høringssvar vi har gitt. Noreg sine forpliktingar etter FNs konvensjonar er ofte utgangspunkt for våre utspel. Du kan lese meir om tilsynsansvaret og høringsarbeidet i del 3.4 .

Ombodet er opptatt av å bruke ulike type medium for nå ulike målgrupper, og sikre god geografisk spreiing i dekninga.

I 2015 fekk hets og hatprat i samfunnsdebatten mykje merksemd. Fleire fortalde at dei ikkje orkar å ha ei stemme i debatten fordi dei opplever hets og trakassering. Diskusjonen har handla om skadeverkingane av hatprat, og korleis vi kan motverke hatpraten. Ombodet har delteke i debatten med utgangspunkt i rapporten vår om hatytringar og hatkriminalitet, som blei lansert i april. 

Vi har i større grad enn tidlegare år styrt kva for slags saker vi har fått dekning på. Eit døme er kampanjen mot diskriminering knytt til graviditet og foreldrepermisjon, som fekk brei dekning i nasjonale og regionale medium.  

I tillegg har det vore ei markant  auke i talet på dei som følger ombodet i sosiale medium. I 2015 fekk vi for eksempel 50 prosent fleire følgjarar på Facebook. 

Foredrag

For å sikre eit reelt diskrimineringsvern, er det viktig at folk kjenner rettane sine. Behov for kunnskap er stort. Foredrag er difor ein prioritert aktivitet, for å nå ut med informasjon om rettar, ombodets arbeid og likestillings- og diskrimineringsutfordringar.

Det er ei stadig auke i førespurnader om foredrag. I 2015 holda vi ca. 200 foredrag og innlegg. Det er ei auke frå 150 foredrag i 2014. Vi holda foredrag for mange ulike grupperinger som frivillige organisasjonar, verksemder, arbeidstakar- og arbeidsgjevarorganisasjonar. Vi tek jamleg i mot besøk frå utanlandske delegasjonar, som ønsker kunnskap om ombodsordninga, organisasjonen og arbeidet.

Arrangement og debattmøte

LDO skal være eit møtepunkt for aktørar på likestillingsfeltet. For å lytte til personar som møter ulike utfordringar i samfunnet, og for å lære meir om kva vi kan gjere og ta tak i, prioriterte vi å lage arrangement med ulike tema. Vi live-overfører arrangementa på nett, slik at alle som ønsker det kan følge med.

I 2015 hadde vi eit frukostmøte om aldersdiskriminering. Tema for møte var omstillings- og nedbemanningsprosessar i norsk næringsliv. Vi spurte om dette ville medføre ein auka fare for aldersdiskriminering. Og i så fall, korleis kan det unngåast? Føremålet med møtet var å belyse temaet gjennom kunnskap og røynsler frå forsking, ombodets lovhandheving og frå partane i arbeidslivet.

Vi hadde tre arrangement under den årlege sesjonen i FNs kommisjon for statusen til kvinner (CSW). LDO hadde arrangement om å motverke vald mot kvinner og partnardrap, og å motverke hatytringar. Under Arendalsuka hadde vi eit arrangement om mobbing og diskriminering i norsk skule.

I samarbeid med den amerikanske ambassaden hadde vi ein konferanse om hatytringar og trakassering av kvinner i det offentlege rom. I samarbeid med styresmaktene i Spania inviterte vi til ein konferanse om korleis vi kan skape eit betre samfunn for rom- og romanifolket i Noreg. Ein delegasjon frå Spania kom til Noreg for å dele erfaringane sine. Samstundes fortalte norske rom- og tater/romanikvinner kva for utfordringar dei møter, og kva slags løysingar dei ønsker seg.

I desember inviterte vi til avslutningskonferansen Fag, Fest og Finale for ombod Sunniva Ørstavik. Konferansen var på Kulturhuset i Oslo, og samla 200 representantar frå styresmakter, sivilt samfunn, forskingsinstitusjonar og andre LDO samarbeider med.

Vi avslutta året med eit møte knytta til kampanjen Taushet tar liv. Der blei likestillings- og diskrimineringsombod Sunniva Ørstavik tildelt Rettighetsprisen 2015. Den blir delt ut av Krisesentersekretariatet til folk som har gjort ein innsats mot vald mot kvinner.

Arrangementa våre er godt besøkte.

3.3 Endring gjennom samarbeid

Vi er avhengig av å samarbeide med andre aktørar, for å nå våre mål om å hjelpe dei som har vore utsette for diskriminering og endre dei strukturane som fører til diskriminering. I alle prosjekta våre er det viktig å avklare kven vi kan samarbeide med for å nå måla våre.

Samarbeid med sivilt samfunn

Samarbeid med sivilt samfunn er viktig av fleire årsaker. Det er viktig for å styrke kunnskapen til ombodet om erfaringane til brukarane – dei som opplever diskriminering og mangel på likestilling i Noreg. Sivilt samfunn er viktige samarbeidspartnarar for ombodet i tilsynsarbeidet overfor norske styresmakter, og i arbeidet med å skape engasjement for likestilling.

I 2015 laga LDO ei plattform for kontakten med sivilt samfunn. Den slår fast at LDO ikkje kan fylle si samfunnsrolle utan kontakt med dei som blir ramma av diskriminering. Ombodet skal ta utgangspunkt i dei diskriminerte sitt perspektiv, og ser på erfaringsbasert kunnskap som like gyldig som annan kunnskap. Dessutan er samarbeid med sivilt samfunn viktig for å få til endringar som fremmer likestilling. Målet med plattforma er å vere tydeleg på korfor og korleis vi involverer sivilt samfunn. Vi ønskjer å nå ut til fleire delar av sivilt samfunn, å involvere sivilt samfunn meir i arbeidet vårt, og å involvere meir i heile prosessar – frå planlegging til gjennomføring og evaluering av til dømes eit prosjekt.

LDO har eit brukarutval. Det er samansett av relevante interesseorganisasjonar og brukargrupper innanfor ombodet sine satsingsområde. Formålet med utvalet er primært å styrke ombodets kunnskap om brukaranes erfaringar. Formålet er også å utvikle forståinga for kompleksiteten i diskrimineringa som skjer, samt skape god forankring og gjennomslag for det samarbeidet, både i ombodets og utvalsmedlemenes organisasjonar og nettverk. Brukarutvalet består av 14 ressurspersonar med brei kunnskap og kompetanse.

I 2014 blei det gjennomført fleire møter. Tema var utredning av handhevingsapparatet, ein likestilt skule, kampen mot vold og skadelege kjønnsstereotypiar, og ei felles likestillings- og diskrimineringslov. Under Arendalsuka hadde brukarutvalet og LDO eit arrangement om mobbing og diskriminering i norsk skule.

LDO har hatt eit samarbeid med Krisesentersekretariatet i to år om kampanjen Taushet tar liv. Kampanjen er ein del av FNs årlege internasjonale 16-dagars kampanje mot vald mot kvinner i november-desember. I 2015 var målet å få fleire kommunar til å førebygge vald. Vi ønskte å vise viktigheita av ein heilskapleg og samarbeidande hjelpekjede ute i kommunane, og fylkesmennenes ansvar for å gjere eit godt tilsyn med arbeidet til kommunane på dette feltet.

Samarbeid med arbeidstakar- og arbeidsgjevarorganisasjonane

I arbeidet med diskriminering i arbeidslivet er samarbeid med arbeidstakar- og arbeidsgjevarorganisasjonane avgjerande. Vi er jamleg i kontakt med organisasjonar i rettleiingsarbeidet, og held ofte kurs og foredrag for fagforeiningar.

Vi har i 2015 prioritert å få utvalde organisasjonar til å få på plass opplæring til tillitsvalde om likestilling og anti-diskriminering. LDO ser på saksomfanget at dette fører til at organisasjonane bringer fleire saker inn for ombodet, samt at vi i kontakten med organisasjonen får betre kjennskap til utfordringane som er i arbeidslivet. Vi har stor tro på denne framgangsmåten i arbeidet for et meir likestilt arbeidsliv. I 2016 vil vi derfor fortsette dette arbeidet med å gje opplæring til organisasjonane. Målet er at organisasjonane på eige hand skal overta opplæringa av tillitsvalde.

Samarbeidsprosjekt med Spania

LDO har eit samarbeid med spanske styresmakter om kjønnslikestilling, finansiert av EØS’ finansieringsmekanisme (EEA/Norway Grants). Programmet dekkjer mellom anna kvinners tilgang til arbeidsmarknaden og entreprenørskap, likeløn, kjønnsbalanse i leiarstillingar og styre, kombinasjon arbeid og familieliv, og arbeid mot vold mot kvinner.

LDO var samarbeidspartnar i fleire bilaterale prosjekt med spanske styresmakter i 2015. I eit av prosjekta hadde Noreg nytte av spanske erfaringar når det gjeld å få voldsutsette kvinner i arbeid. Dette pilotprosjektet er leia av Sør-Odal kommune. Dei har utvikla ein modell for samarbeid mellom ulike kommunale tiltak som krisesentra, NAV og barnevern, og tre private lokale verksemder. Verksemdene har forplikta seg til å gje arbeid til kvinner som kjem til krisesentra og vil ut i arbeid. Målet er å gjere voldsutsette kvinner økonomisk sjølvstendige. Under CSW i New York i 2015 hadde LDO i samarbeid med spanske styresmakter og Sør-Odal kommune to arrangement om dette pilotprosjektet.

Eit nytt bilateralt prosjekt som starta i 2015 omfattar norske kvinner med rom- og romani-/tater-bakgrunn. Også dette er eit prosjekt der Noreg lærer av Spania og deira erfaringar. Prosjektet arrangerte ein konferanse i Oslo i oktober, og det vart publisert to kronikkar i norske medium om dette. Samarbeidet mellom rom- og romani-/tater-kvinner fram mot denne konferansen er historisk, seier kvinnene sjølv. Det har aldri vore noko slikt samarbeid mellom disse to gruppene før. Sjølv om prosjektet er avslutta, fortsett kvinnene samarbeidet i 2016.

LDO tok del i eit samarbeid med det spanske rådet mot etnisk diskriminering om røynsler og organisering av anti-diskrimineringsarbeid, blant anna gjennom eit seminar i Madrid.

3.4 Tilsyn med FN-konvensjonar

LDO skal endre strukturane som er med å oppretthalde diskriminering og mangel på likestilling. I dette arbeidet må ombodet identifisera dei barrierane som er laga av samfunnet, og gjere gode analysar for å kunne foreslå endringar.

Grunnlaget for endringsarbeidet er først og fremst det lovfesta tilsynsansvaret LDO har for FNs kvinnediskrimineringskonvensjon (CEDAW), FNs rasediskrimineringskonvensjon (CERD) og FN-konvensjonen for menneske med nedsett funksjonsevne (CRPD).

For å sikre god og effektiv arbeidsfordeling med andre ansvarlege institusjonar, deltek ombodet i ein koordineringsgruppe med Nasjonal institusjon for menneskerettar, Barneombodet og Sivilombodsmannen. LDO sat òg i det rådgjevande utvalet til Nasjonal institusjon for menneskerettar, og er medlem i det rådgjevande utvalet for ny førebyggjande mekanisme mot tortur og umenneskelig og nedverdigande handsaming.

Nasjonal og internasjonal rapportering

Ombodet tek jamleg opp tilhøve med norske styresmakter, som vi meiner er problematiske sett opp mot forpliktingane etter dei tre konvensjonane vi har tilsynsansvar for.

Ombodet sin påpeking av konvensjonsforpliktingane til staten i samband med høyringssvar, er ein viktig del av tilsynsansvaret, og den nasjonale rapporteringa. LDO skriv òg nasjonale rapportar på eige initiativ om menneskerettslige utfordringar som krev meir omfattande analyse. I tillegg til den nasjonale rapporteringa gir LDO uavhengige supplerande rapportar til FN-komiteane som overvaker dei konvensjonane vi har tilsynsansvaret for. Det vil seia at LDO sender eigne rapportar til CEDAW-komiteen, CERD-komiteen og CRPD-komiteen i samsvar med den rapporteringssyklus som gjeld for den norske statsrapporteringa. Vi gir òg innspel til BLD for å bidra til at statens rapport skal gje eit mest mogleg dekkande bilete av dei utfordringane Noreg har når det gjeld å sikre rettar etter dei tre FN- konvensjonane.

I februar kom ombodets rapport til FNs rasediskrimineringskomité. I rapporten peikte vi på tre alvorlege manglar i norsk politikk:

  1. Styresmaktene lyttar ikkje til dei som blir diskriminerte.

  2. Styresmaktene lèt ikkje diskriminering få konsekvensar.

  3. Styresmaktene har ein politikk som handlar meir om å endre minoriteten enn å motarbeide fordommar og diskriminering hos majoriteten.

I rapporten viser ombodet til at etniske minoritetar blir pressa ut av samfunnsdebatten med hatprat og truslar. I arbeidslivet blir Arshad og Somaya sila ut av søknadsbunken lenge før dei kjem til intervju, og dei offentlege tenestene er innretta slik at det er risikabelt å forlate ein valdeleg ektemann viss du er fødd i utlandet.

Ombodet meiner at svara til norske styresmakter på utfordringane har vore for dårlege. Ombodet meiner det finst nokre gode enkelttiltak, men det samla arbeidet ber preg av å vera mellombels og mangle heilskap og strategi.

I april lanserte ombodet rapporten Hatytringar og hatkriminalitet. Menneske vert hata og forakta for å vera den dei er. Hatytringar og hatkriminalitet rammar hardt. Det skar einskildpersonar og trugar demokratiet. Rapporten belyser skadeverknadene hatytringar og hatkriminalitet har for samfunnet og presenterer konkrete tiltak til korleis regjeringa kan handtere utfordringane.

Rapporten byggjer på forsking, røynsler frå sivilt samfunn, Likestillings- og diskrimineringsombodets rettleiingsarbeid, og utfyllande dialog og samarbeid med sentrale fagmiljø.

I oktober lanserte vi ein rapport som viste at norsk politikk og lovverk ikkje er i samsvar med konvensjonen som skal sikre menneskerettane til personar med nedsett funksjonsevne (CRPD). Rapporten tek for seg ni ulike område der ombodet meiner det er særleg grunn til å passe på:

  • Mangel på kunnskap og dokumentasjon
  • Tvang i psykisk helsevern
  • Tvang mot utviklingshemma og demente
  • Mangel på avgjerdstøtte
  • Vald og overgrep
  • Hets, trakassering og hatkriminalitet
  • Diskriminering i arbeidslivet
  • Utilgjengelige skulebygg
  • Manglande tilgjenge til informasjon, varer og tenester.

I arbeidet med rapportane til FN, inviterer vi sivilt samfunn til konsultasjonsmøte.

Konvensjonane i enkeltsakar

Konvensjonane kan vere viktige i behandlinga av enkeltsaker, her er nokre eksempel.

Ombodet behandla ei sak om diskriminering av kvinnelige innsette i fengsel. Spørsmålet i saka var om soningstilhøva for kvinnelege innsette var dårlegare enn for dei mannelege innsette i same fengsel. Ombodet kom til at dei kvinnelege innsette var diskriminert på grunn av kjønn fordi dei, i motsetnad til mennene, ikkje fekk nytte den store luftegarden i fengselet. Ombodet kom til at fengselet ikkje hadde forsøkt andre ikkje-diskriminerande alternativ for å sikre kvinnene tilgang til den store luftegarden i kvardagane. Ombodet kom også til at det var diskriminering at dei kvinnelege innsette ikkje fekk same tilbod som mannlege innsette til rusmestring.

Ombodet behandla ei sak om at politiet ikkje avhøyrde barn med nedsett funksjonsevne i etterforskinga av seksuelle overgrep. Spørsmålet i saka var om Hordaland politidistrikt handla i strid med forbodet mot diskriminering på grunn av nedsett funksjonsevne under etterforskinga av seksuelle overgrep mot et barn med nedsett funksjonsevne. Fornærma blei ikkje forsøkt avhøyrd av politiet fordi ho ikkje har språk. Ombodet konkluderte med at barnet vart dårlegare stilt under politiet si etterforsking, og at dette hadde samanheng med barnets nedsette funksjonsevne. I ombodet si vurdering blei det mellom anna vist til FNs konvensjon om rettane til personar med nedsett funksjonsevne.

Ei anna sak ombodet behanlda i 2015 handla om ein mann som fekk avslag på søknaden om opptak til fengselsskolen, fordi han har diabetes type 1 (sak 15/10). Ombodet kom til at avslaget var i strid med forbodet mot diskriminering på grunn av nedsett funksjonsevne. Ombodet la vekt på at retten til utdanning er ein grunnleggande menneskerett, og viste særleg til CERD artikkel 5. Saken løyste seg. Mannen fekk plass på fengselsskolen og dei endra regelverket slik at også søkarar med diabetes type 1 heretter får ei individuell vurdering. Saka er eit godt døme på at ombodet si samla bruk av forskjellige verkemiddel kan føre til endring av diskriminerande praksis.

Høyringsutsegn

Høyringsarbeidet er nært knytta til tilsynet ombodet har med konvensjonane, og den nasjonale lovgivinga. Dei siste åra har vi i stor grad vektlagt konvensjonsforpliktingane til styresmaktene. LDO gav ei rekkje høyringssvar i 2015 . Vi ønskjer å trekke fram nokre av dei.

Vi ga fråsegn til forslaget om å innføre forbod mot organisert tigging. Ombodet bad regjeringa trekke forslaget fordi vi meinte det var diskriminerande og eit brot på menneskerettslege forpliktingar. Regjeringa trakk forslaget om nasjonalt tiggeforbod.

Vi leverte også høyringssvar på forslaget til regjeringa om å auke kravet til botid i Noreg før ein kan få permanent opphaldsløyve, frå tre til fem år. Ombodet uttrykte uro for at forslaget truar menneskerettane til kvinner i valdelege ekteskap, og bad om at forslaget om heve botid vart trekt.

Ombodet leverte også fråsegn til regjeringas forslag om ny likestillings- og diskrimineringslov. Ombodet leverte høyringa før fristen slik at andre instansar kunne sjå kva vi meinte. Dialog med Brukarutvalet og sivilt samfunn var viktig for oss da vi skreiv høyringssvaret vårt.

3.5 LDO som kunnskapsorganisasjon

For effektivt å nå måla våre er det viktig at vi stadig utviklar ombodet som kunnskapsorganisasjon. Vi skal dokumentere, systematisere og analysere kunnskap om kva som fremmer likestilling og hindrar diskriminering, og bruke dei ulike verkemidla våre (klagesaksarbeid, rettleiing, pådrivar, tilsyn og kommunikasjon) effektivt for å oppnå endring.

LDOs arbeid skal ta utgangspunkt i forsking på likestilling og antidiskriminering, og analyse av dei førespurnadene og sakene vi har til handsaming hos oss. I kombinasjon er dette basisen for tilsyns- og pådrivararbeidet.

Vi jobbar kontinuerleg med å halde oss oppdatert på forsking innanfor områda våre, og er i dialog med ulike forskingsmiljø som CORE, Kvinneretten og Arbeidsforskingsinstituttet.

Vi har eigne fagansvarlege for viktige tema vi jobbar med. Ansvarsområda vert valt ut frå kva for tema vi får mange saker på, eller ut frå ei vurdering av at det er behov for meir kunnskap på området. Ein eller fleire tilsette får eit særskilt ansvar for å følgje med på saksarbeidet vårt på området, og på ny ekstern kunnskap, til dømes forskingsrapportar. Vi jobbar med eit stort sakskompleks, med mange ulike tema. Fagansvar sikrar betre og meir relevant hjelp raskare. Spesialiseringa internt hjelper brukarane våre eksternt. I 2015 utarbeida fagansvarlig ein rapport om aldersdiskriminering utanfor arbeidslivet.

I tillegg er det utvikla eit eiget tilsynsansvar, der tilsette er gitt ansvar for å følgje med på utviklinga på særskilde område innanfor dei ulike konvensjonane ombodet har tilsynsansvar for.

Ombodet har mange ulike verkemiddel vi bruker for å hjelpe dei som har vore utsett for diskriminering og endre dei strukturane som fører til diskriminering. Vi organiserer arbeidet vårt på ein slik måte at verkemidla blir brukt mest mogleg effektivt. Dei fem avdelingane i ombodet har ansvar for kvart sitt verkemiddel. I tillegg organiserer vi arbeid i prosjekt, som hentar kompetanse frå dei ulike avdelingane.

Dei erfaringane ombodet får gjennom førespurnader frå enkeltpersonar, er viktige for dei andre område til ombodet. Den nære tilknytinga mellom rettleiings- og klagesaker gjer at vi kan identifisere felles erfaringar som kjenneteiknar eit område. Vi har til dømes lenge sett at mange, særleg kvinner, opplever diskriminering i samband med graviditet og foreldrepermisjon. Det var årsaka til at vi lanserte ein kampanje mot graviditetsdiskriminering våren 2015.