Den nye diskriminerings- og tilgjengelova (DTL) og innlemminga av dokumentasjonssenteret for personar med nedsett funksjonsevne sette sitt preg på Likestillings- og diskrimineringsombodet (LDO) i 2009.

Last ned Likestillings- og diskrimineringsombudet årsrapport 2009 (.pdf)

Ombodet opplevde ein markant auke i talet på klagesaker på grunnlag av funksjonsevne. Det har òg vore stor pågang etter foredrag om ny DTL, og ombodet arrangerte sjølv ein større konferanse om lova med tanke på opplæring av personar og organisasjonar som arbeider med slike spørsmål.

Aktivitets- og rapporteringsplikta fekk stor merksemd i 2009. Etter to år med kontroll av kommunane sitt rapporteringsarbeid vart seks kommunar klaga inn for Likestillings- og diskrimineringsnemnda (nemnda) for brot på lova. Nemnda støtta LDO sin konklusjon om brot på rapporteringsplikta. Merksemda i media skapte stor interesse i kommunane for dette arbeidet.

Ei landsomfattande seminarrekkje for større mangfald i arbeidslivet gav opplæring i aktivitets- og rapporteringsarbeidet som verkty for meir likestilling og mangfald. Om lag eitt tusen personar deltok på seminara, og tilbakemeldingane var svært gode. Dette førte òg til ytterlegare pågang om foredrag og innleiingar om tema i ulike forum. Parallelt med seminarrekkja køyrde LDO ein mindre annonsekampanje støtta opp av medieutspel om behovet for større mangfald i arbeidslivet.

Likelønn stod høgt på dagsordenen også i 2009. Ombodet hadde fleire utspel i media om dette og deltok mellom anna i debatt i Redaksjon EN i NRK. Tretti år med likestillingslova, hijab og Graver-utvalet si innstilling til eit heilskapleg diskrimineringsvern sette sitt preg på møte- og debattagendaen i LDO i 2009.

Spørsmålet om hijab i politiet var ei klage- og mediesak som skapte mykje debatt. Ei muslimsk kvinne spurde politihøgskulen om ho kunne få bere hijab dersom ho kom inn på studiet. Da det vart klart at departementet gjekk imot Politidirektoratet og sa nei til det, tok LDO saka opp på eige initiativ. Saka vart ikkje ferdigstilt før i 2010.

Graver-utvalet si innstilling til eit heilskapleg diskrimineringsvern fekk stor merksemd hausten 2009. LDO arrangerte tre ulike debattmøte for å få fram dei ulike partane og organisasjonane sitt syn fram mot høyringsfristen i desember.
 
2009 var elles prega av ein stor auke i talet på tilsette som resultat av den nye diskriminerings- og tilgjengelova og den nye lovgivinga om aktivitets- og rapporteringsplikt på etnisitet og funksjonsevne. Dette førte vidare til ein flytteprosess, der LDO var på plass i nye og meir tidsmessige og tilgjengelege lokale 1. september.

LDO sine nettsider vart vidareutvikla og oppgraderte dette året, især med tanke på betre tilgang for alle brukarane våre.

Slutten på året vart naturleg nok prega av tilsetjinga av nytt ombod, ettersom åremålet til Beate Gangås gjekk ut ved årsskiftet.

Oslo, 15.2.2010


Sunniva Ørstavik
likestillings- og diskrimineringsombod