Gå direkte til innhold [access key = c] Gå direkte hovedmeny [access key = m] Gå direkte til kontaktinformasjon [access key = f]

Hovedmeny

Brødsmulesti

11. nov 2011

LDO-kampanjen til Oslo

Fredag arrangerer Likestillings- og diskrimineringsombodet konferanse om likeverdige tenester. Du kan følgje konferansen direkte her.

Konferanse-turneen har vore i Bergen og Trondheim, og set fokus på kva som skal til for å sikre likeverdige offentlege tenester. I tillegg til innleiarane frå Likestillings- og diskrimineringsombodet skal Nova-forskar Kristin Danielsen presentere ein rapport om likeverdige tenester ved helsestasjonar i bydel Alna i Oslo. Lisbeth Grut, seniorforskar ved Sintef, skal snakke om sosial ulikskap i helse med fokus på nedsett funksjonsevne.

Programmet finn du her.

Likestillings- og diskrimineringsombodet har likeverdige tenester som satsingsområde, og har i 2011 sett særleg fokus helsesektoren.

Les meir om kampanjen her.

LDO inviterer alle deltakarar til å tvitre frå konferansen, bruk #likeverdigetjenester.

Konferansen blir streama, og du kan følgje han direkte på ldo.no.