11. feb 2010
Selvsagt!
"Selvsagt!" er eit nystarta magasin som først og fremst rettar seg mot funksjonshemma. Dette er noko heilt nytt, eit magasin som skal bevisstgjere funksjonshemma om deira eigen situasjon på alle samfunnsområde: at dei blir diskriminerte, og kvifor dei blir diskriminerte. Ikkje minst er målet å inspirere funksjonshemma til å gjere noko med sin eigen situasjon, både som enkeltindivid og som gruppe.
Dette magasinet står altså langt frå den medisinske forståinga av funksjonshemming og tek i staden opp dei samfunnsskapte hindringane og haldningane funksjonshemma møter.
Utgivaren av magasinet er Bryt Lenkene AS, som funksjonshemma eig og driv.
Lenkje til magasinet.