11. feb 2010
Seniorporten.no
Seniorporten er Statens seniorråd sin vegvisar på Internett. Nettstaden femner eit vidt spekter av tema og er ein informasjonsbank og ein vegvisar for alle som er opptekne av politikk og samfunnsutforming for seniorar. Seniorporten har særleg relevans for til dømes medlemmer av eldreråd.
Statens seniorråd er eit rådgivande organ for sentrale styresmakter i spørsmål som gjeld seniorpolitikk. Rådet skal ta opp spørsmål om korleis seniorar deltek og er aktive i samfunnslivet. Seniorar er her personar over 50 år.