Gå direkte til innhold [access key = c] Gå direkte hovedmeny [access key = m] Gå direkte til kontaktinformasjon [access key = f]

Hovedmeny

Brødsmulesti

11. feb 2010

Stoppmenneskehandel.no

I februar 2003 lanserte regjeringa ved Justisdepartementet den første norske handlingsplanen mot handel med kvinner og barn.

Basert på erfaringar med tiltaka i den førre handlingsplanen lanserte regjeringa ved sju departement den 23.juni 2005 ein ny handlingsplan for 2005–2008. Barne- og likestillingsdepartementets kampanje mot menneskehandel er eitt av tiltaka i denne handlingsplanen. Med overskrifta ”Sexkjøp kan vere slavehandel – kjøper du sex?” er formålet å vende seg til potensielle kjøparar av seksuelle tenester for å peike på samanhengen mellom kjøp av sex og menneskehandel. Vi trur at kunnskap om denne samanhengen vil minske etterspurnaden etter og redusere talet på prostituerte. Dermed vil det bli vanskelegare for menneskehandlarar å halde fram med den kriminelle verksemda.

Stopp menneskehandel-kampanjen går over tre år til 2009.