11. feb 2010
Aktivitetsplikt
Arbeidsgivarar, offentlege styresmakter og organisasjonane i arbeidslivet er pålagde å jobbe aktivt, målretta og planmessig for å fremme likestilling og hindre diskriminering.
Aktivitetsplikta handlar mellom anna om rekruttering, forfremming, utvikling, lønns- og arbeidstilhøve og vern mot trakassering.
Gode likestillingstiltak må:
- ha konkrete mål
- være forankret i ledelsen
- inn i praktiske rutiner
- følges opp og evalueres
Kven har ansvar?
Arbeidsgivarar
Arbeidsgivarane har ansvaret for å sikre at alle medarbeidarane har like moglegheiter og rettar. Arbeidsgivarane har også ansvar for å forhindre diskriminering. Det inneber mellom anna å
-
ta omsyn til likestilling i alt personalarbeid
-
ette seg etter diskrimineringslovverket
-
jobbe aktivt for og rapportere om likestilling i verksemda gjennom aktivitets- og rapporteringsplikta i diskrimineringslovgivinga
-
leggje til rette for personar med nedsett funksjonsevne i samsvar med diskriminerings- og tilgjengelova og arbeidsmiljølova § 4-1 fjerde ledd
-
sikre forsvarlege rutinar for behandling av opplevd diskriminering og trakassering på arbeidsplassen
Tillitsvalde
Tillitsvalde skal gi råd og hjelp til medlemmer som opplever usakleg forskjellsbehandling. I tillegg må fagforeiningar jobbe aktivt for å fremme likestilling i drøftingar og forhandlingar. Det inneber at tillitsvalde har ansvar for at avtalar dei inngår på vegner av medlemmene, ikkje diskriminerer nokon. Tillitsvalde er òg medansvarlege for å fremme likestilling og hindre diskriminering i tilsetjingsprosessar der dei er involverte.
Arbeidslivsorganisasjonane pliktar å jobbe aktivt for likestilling og mot diskriminering innanfor ansvarsområda sine, inkludert opplæring, saksbehandling, forhandlingar og avtaleverk.
Verneombod
Verneombodet skal ta vare på interessene til arbeidstakarane i saker som har med arbeidsmiljøet å gjere. Det omfattar òg diskriminering.
I arbeidsmiljølova § 2-3 blir tilsette som får vite om diskriminering eller trakassering på arbeidsplassen, pålagde å informere den nærmaste leiaren eller verneombodet. Det er difor viktig at handtering av diskriminering og trakassering er ein del av HMS-planen i verksemda. Verneombodet må ha opplæring i og kjennskap til behandling av diskrimineringssaker.
Kollegaer
Alle arbeidstakarar har ei lovpålagd plikt til å informere arbeidsgivaren eller verneombodet om trakassering eller diskriminering. Støtte frå kollegaer er også viktig for å makte å ta opp eventuelle diskrimineringssaker med arbeidsgivaren eller andre ansvarlege.
Den diskriminerte
Den som kjenner seg diskriminert eller trakassert, bør ta det opp med leiinga, verneombodet eller fagforeininga. I slike tilfelle har leiinga, ifølgje arbeidsmiljølova § 2-5, ikkje lov til å setje i gang gjengjelding. Det vil seie at det ikkje skal få negative konsekvensar å melde frå om diskriminering eller trakassering.