31. mai 2010
Likestillings- og diskrimineringsnemnda
Likestillings- og diskrimineringsnemnda behandlar klagar på avgjerdene Likestillings- og diskrimineringsombodet har gjort.
Ein part som er ueinig i avgjerda til ombodet, kan føre saka inn for Likestillings- og diskrimineringsnemnda. Ombodet kan òg føre saker inn for nemnda dersom ein av partane ikkje rettar seg etter avgjerda til ombodet.
Nemnda er eit uavhengig forvaltningsorgan som er administrativt underordna departementet og Kongen. Men desse instansane kan ikkje gi instruks om eller gjere om avgjerder i enkeltsaker.
Kva myndigheit nemnda har
Nemnda kan vedta at lova er broten. Nemnda kan påleggje stansing, retting og andre tiltak som er nødvendige for å sikre at diskriminering, trakassering, instruks eller gjengjelding tek slutt, og for å hindre gjentaking. Nemnda kan setje ein frist for å rette seg etter pålegget.
Nemnda kan vedta tvangsmulkt for å sikre at pålegget blir gjennomført, dersom fristen for å etterkomme pålegget er overskriden.
Nemnda kan ikkje oppheve eller endre vedtak som har gjort. Nemnda kan heller ikkje gi pålegg om korleis andre forvaltningsorgan skal utøve myndigheita til å gjere vedtak.