Gå direkte til innhold [access key = c] Gå direkte hovedmeny [access key = m] Gå direkte til kontaktinformasjon [access key = f]

Hovedmeny

Brødsmulesti

11. feb 2010

Rapporteringsplikt

I årsrapporten eller årsbudsjettet skal verksemder rapportere om tiltak for å fremje likestilling og hindre diskriminering i eiga verksemd og overfor eigne brukarar.

Dette gjeld planlagde, iverksette og eventuelt gjennomførte tiltak. Vidare må ein opplyse om mål, tidsplan for gjennomføring og status.

Omfanget skal tilpassast storleiken på verksemda og anna rapportering i årsrapporten. Det vil kunne stillast større krav til rapportering frå offentlege verksemder.

Rapporteringa bør brukast til å planleggje det vidare arbeidet.

Kva skal verksemda di rapportere om?

Private verksemder med mindre enn 50 tilsette

  • skal rapportere om tilstanden for likestilling mellom kjønna blant tilsette
  • skal rapportere om planlagde og gjennomførte tiltak

Private verksemder med meir enn 50 tilsette

  • skal rapportere om tilstanden for likestilling mellom kjønna blant dei tilsette
  • skal rapportere om planlagde og gjennomførte tiltak for å auke likestillinga med utgangspunkt i kjønn, etnisitet og funksjonsevne

Offentlege verksemder

Organisasjonane i arbeidslivet

  • skal rapportere om tilstanden for likestilling mellom kjønna blant dei tilsette
  • skal rapportere om planlagde og gjennomførte tiltak for å auke likestillinga med utgangspunkt i kjønn, etnisitet og funksjonsevne

Likestillings- og diskrimineringsombodet handhevar rapporteringsplikta.