Gå direkte til innhold [access key = c] Gå direkte hovedmeny [access key = m] Gå direkte til kontaktinformasjon [access key = f]

Hovedmeny

Brødsmulesti

Statistikk og analyse

Her kan du få eit innblikk i klagesaker som LDO har behandla dei siste åra. Ombodet har utarbeidd ei oversikt over og analysar av klagesaker på ulike diskrimineringsgrunnlag og samfunnsområde. Arbeidet er gjort i samarbeid med Skjeie-utvalet. I dokumentet finn du klagesaker frå perioden 2007 til 2010, på diskrimineringsgrunnlaga kjønn, etnisitet, religion, språk, alder og seksuell orientering. Diskrimineringsgrunnlaget nedsett funksjonsevne er ikkje med i utvalet.

Dokumentet gir ei oversikt over kven som klagar, kva det blir klaga på, og korleis det går med sakene. Typiske saker og prosessar er analyserte, mellom anna saker med bakgrunn i graviditet og fødselspermisjon, religiøse hovudplagg og likelønn. I tillegg er det gjort analysar av kven som klaga.

Ein heilskapleg likestillingspolitikk

Arbeidet er gjort i samarbeid med Skjeie-utvalet, som skal greie ut norsk likestillingspolitikk med utgangspunkt i livsløp, etnisitet og klasse.

Målet er å leggje grunnlaget for ein heilskapleg og kunnskapsbasert likestillingspolitikk for framtida.

Utvalet skal gå igjennom og vurdere verkemiddelapparatet på likestillings- og diskrimineringsfeltet.

Ledige stillinger

Vil du gjøre en innsats for likestilling og mot diskriminering?

Kontakt oss

Telefon:

23 15 73 00

Pressekontakt: 91 59 88 56
Grønt nummer: 800 41 556