Kva rettar du har
Dersom du har vorte utsett for diskriminering som fell inn under dei lovene Likestillings- og diskrimineringsombodet er sett til å handheve, kan du klage til oss.
Likestillings- og diskrimineringsombodet handhevar desse lovene, jf. diskrimineringsombodslova:
Ombodet er upartisk
Det er viktig å vite at Likestillings- og diskrimineringsombodet er ein objektiv instans når det gjeld behandling av klagesaker. Ombodet er eit alternativ til vanleg domstolsbehandling i saker som dreier seg om diskriminering.
Ombodet opptrer difor ikkje som partsrepresentant eller rettshjelpar. Har du behov for rettshjelp, må du kontakte ein advokat eller til dømes eit rettshjelpstiltak eller ein interesseorganisasjon i lista til høgre.