5. jan 2010
Avvising
Likestillings- og diskrimineringsombodet kan ikkje behandle klagesaker som fell utanfor dei lovføresegnene ombodet er sett til å handheve. Ombodet kan til dømes ikkje uttale seg om saker som gjeld aldersdiskriminering andre stader enn i arbeidslivet. Dersom handlinga som er klaga inn, ligg utanfor mandatet til ombodet, har ombodet plikt til å avvise saka. Ombodet må òg avvise ei sak dersom ho er ført inn for eller avgjord av ein domstol.
I mange tilfelle vil ombodet likevel kunne rettleie deg om den problemstillinga du reiser.