5. jan 2010
Fråsegner
Fråsegnene frå Likestillings- og diskrimineringsombodet i klagesaker er juridisk sett ikkje rettsleg bindande. Men dersom den som får ei fråsegn mot seg, ikkje frivillig innrettar seg etter henne, kan klagaren ta saka vidare til Likestillings- og diskrimineringsnemnda. Likestillings- og diskrimineringsombodet kan òg føre saka inn for nemnda på eige initiativ. Nemnda gjer juridisk bindande vedtak.
Ombodet er upartisk
Det er viktig å vite at Likestillings- og diskrimineringsombodet er ein objektiv instans når det gjeld behandling av klagesaker.
Ombodet er eit alternativ til vanleg domstolsbehandling i saker som dreier seg om diskriminering. Ombodet opptrer difor ikkje som partsrepresentant eller rettshjelpar.
Har du behov for rettshjelp, må du kontakte ein advokat eller til dømes eit rettshjelpstiltak eller ein interesseorganisasjon i lista til høgre.
Hastevedtak
Likestillings- og diskrimineringsombodet kan unntaksvis gjere rettsleg bindande vedtak, jf. diskrimineringsombodslova § 4. Dette kan berre skje dersom ein part ikkje innrettar seg etter den opphavlege fråsegna frå ombodet og det vil føre med seg ulempe eller skadeverknad å vente på vedtaket i nemnda. I praksis vil hastevedtak vere aktuelt i dei tilfella ein på eit tidleg stadium i saka ser det som openbert at lova er broten. Slik kan ombodet raskt komme med ei fråsegn. Samtidig vil ombodet varsle om at det vil bli gjort hastevedtak dersom den innklaga parten ikkje innrettar seg etter avgjerda.