Gå direkte til innhold [access key = c] Gå direkte hovedmeny [access key = m] Gå direkte til kontaktinformasjon [access key = f]

Hovedmeny

Brødsmulesti

5. jan 2010

LDO kjem fram til at saka kan behandlast som ei klagesak

Behandling av klaga

 

§                     Ombodet vurderer om det er ei klagesak som ombodet kan behandle.

§                     Av og til er det nødvendig å be om meir informasjon.

§                     Ombodet skal alltid høyre begge sider i ei klagesak. 

§                     Dersom vi kan behandle saka, vil vi først ta kontakt med den du har klaga på. Vi vil da leggje ved klagen din og be om at den andre parten seier kva ho eller han meiner om påstandane i klagen.

§                     Alle partane i ei sak får sjå det motparten kjem med av opplysningar og dokumentasjon i saka, og kan uttale seg om det.

§                     Når ombodet har fått nok informasjon om saka, uttaler ombodet seg om det har vore brot på diskrimineringslova eller ikkje.

§                     I nokre tilfelle må ombodet avvise eller leggje bort ein klage.

§                     Om klagen din ikkje fell innanfor det lovverket som ombodet handhevar, kan vi gi råd og rettleiing.

 

Vidare høve til å klage

Alle partar i klagesaker som ikkje er fornøgde med fråsegna frå ombodet, kan ta saka vidare til Likestillings- og diskrimineringsnemnda. Berre domstolane kan gjere om avgjerda i nemnda.

 

Sanksjonar

Ombodet har vanlegvis ikkje myndigheit til å fastsetje sanksjonar, med mindre det er grunnlag for hastevedtak. Likestillings- og diskrimineringsnemnda kan krevje retting, stansing eller gi pålegg om tvangsmulkt. Erfaring viser at det ikkje er ok å bli skulda for å diskriminere eller tape ei sak. Dei fleste rettar seg difor etter fråsegnene frå oss.

 

Erstatning

Dersom du har vorte diskriminert, kan du krevje erstatning. Ombodet har ikkje myndigheit til å fastsetje erstatning, men kan tilrå ei slik løysing. Dersom den som har diskriminert, ikkje betaler erstatning frivillig, må du gå til domstolane med kravet.

 

Teieplikta

Ombodet har teieplikt. Teieplikta gjeld opplysningar du normalt vil halde for deg sjølv. Det kan dreie seg om opplysningar om helse, ein situasjon på arbeidsplassen din eller noko anna du ikkje ønskjer at andre skal vite om.

 

Opplysningsplikt

Ein person eller ein offentleg eller privat organisasjon har i utgangspunktet opplysningsplikt overfor ombodet. Denne plikta gjeld sjølv om parten har teieplikt.