5. jan 2010
LDO vurderer om klaga kan behandlast
Teieplikta
Ombodet har teieplikt. Teieplikta gjeld opplysningar du normalt vil halde for deg sjølv. Det kan dreie seg om opplysningar om helse, ein situasjon på arbeidsplassen din eller noko anna du ikkje ønskjer at andre skal vite om.
Opplysningsplikt
Ein person eller ein offentleg eller privat organisasjon har i utgangspunktet opplysningsplikt overfor ombodet. Denne plikta gjeld sjølv om parten har teieplikt.
Delt bevisbyrde
Når ein vender seg til ombodet, må ein gi opplysningar som gir ombodet grunn til å tru at det har skjedd diskriminering. Deretter må motparten gjere det motsette sannsynleg. Dette kallar vi delt bevisbyrde.
Eit døme kan vere ein arbeidssøkjar som trur at ho ikkje fekk ein jobb fordi ho var gravid. Dersom ho i tillegg er like godt kvalifisert som den som fekk jobben, må arbeidsgivaren bevise at det ikkje var graviditeten som var årsaka til avslaget.