5. jan 2010
Klage til ombodet
Likestillings- og diskrimineringsombodet kan vurdere om du er diskriminert etter lova. Det er lett å klage til ombodet.
Korleis klagar du?
Dersom du vil klage, kan du sende klagen skriftleg.
Dersom det er betre for deg å fremme klagen munnleg, kan du komme på kontoret til ombodet i Mariboes gate 13 i Oslo. Vi kan hjelpe deg med å skrive klagen. Du kan gjerne ringje og eventuelt avtale tid for ein samtale. Dersom du har behov for det, kan vi skaffe tolk.
Kva skal ein klage innehalde?
Dersom du vil klage, er det lurt at du:
- skriv kort om kva som har skjedd
- fortel kvifor du meiner at du har vorte diskriminert på grunn av kjønn, etnisk bakgrunn, hudfarge, religion, seksuell orientering, alder, nedsett funksjonsevne eller liknande
- sender med dokument som du meiner er viktige
- opplyser om namn og adresse til den du klagar på