5. jan 2010
Konsekvensar for den som bryt lova
Likestillings- og diskrimineringsombodet skal vere eit reelt alternativ til domstolane. Å få behandla ei klagesak hos ombodet er gratis og tek normalt kortare tid enn om domstolen skulle behandla saka.
Når ombodet har komme til at lova er broten, pliktar den ansvarlege å rette seg etter fråsegna frå ombodet. Fråsegnene frå ombodet er likevel ikkje rettsleg bindande, slik ein dom er. Sjølv om ombodet ikkje kan påleggje ein part å rette seg etter fråsegnene frå ombodet, ser vi likevel at dei fleste vel å rette seg etter fråsegna.
Ombodet kan ikkje sjølv påleggje nokon sanksjon som følgje av brot på lova dersom den ansvarlege vel å ikkje rette seg etter fråsegna, men saka kan ankast vidare til Likestillings- og diskrimineringsnemnda. Ombodet oppmodar alltid den ansvarlege for lovbrotet til å komme til ei frivillig løysing med klagaren, eventuelt gi ein økonomisk kompensasjon.
Likestillings- og diskrimineringsnemnda kan påleggje sanksjonane retting, stansing og tvangsmulkt. Dersom nemnda held fast på fråsegna frå ombodet, vil nemnda til dømes kunne gi pålegg om at arbeidsgivaren må auke lønna di eller endre ein diskriminerande praksis. Nemnda kan i nokre tilfelle påleggje ein part tvangsmulkt dersom den ansvarlege ikkje innrettar seg etter vedtaket i nemnda.
Berre dei ordinære domstolane kan gi pålegg om erstatning for brot på diskrimineringsforboda.