Gå direkte til innhold [access key = c] Gå direkte hovedmeny [access key = m] Gå direkte til kontaktinformasjon [access key = f]

Hovedmeny

Brødsmulesti

5. jan 2010

Ombodet gir også råd

Dersom du lurer på noko som har med diskriminering å gjere, kan du sende ein e-post eller eit brev, ringje oss eller møte opp i lokala til ombodet.

Rettleiingssaker

Ombodet gir juridisk rettleiing om likestillingslova, diskrimineringslova, likebehandlingskapitlet i arbeidsmiljølova og føresegnene om ikkje-diskriminering i bustadlovgivinga.

Dersom du har spørsmål om rettar eller plikter som du trur har noko med dette regelverket å gjere, kan du ta kontakt. Ombodet gir òg rettleiing i saker som har med diskrimineringsspørsmål å gjere, men som ikkje direkte fell inn under diskrimineringslovene.

Dersom spørsmålet ditt fell utanom arbeidsfeltet til ombodet, vil vi prøve å rettleie deg til ein annan stad du kan få hjelp.

Teieplikta

Ombodet har teieplikt. Det gjeld alle opplysningar som nokon hos ombodet blir kjende med i samband med behandling av saker eller på annan måte gjennom arbeidet. Teieplikta gjeld opplysningar ein normalt vil halde for seg sjølv.

Det kan dreie seg om helsespørsmål, tilhøve på arbeidsplassen eller noko anna ein ikkje ønskjer skal bli gjort kjent for andre. Det er likevel viktig å vite at ikkje alle opplysningar er teiepliktige. Til dømes er namn og personnummer i utgangspunktet offentlege med mindre dei avslører andre opplysningar som er teiepliktige