5. jan 2010
Lovgrunnlaga
Har du vorte utsett for diskriminering som fell inn under dei lovene Likestillings- og diskrimineringsombodet er sett til å handheve, kan du klage til oss.
Likestillings- og diskrimineringsombodet skal ifølgje diskrimineringsombodslova og forskrifta handheve
§ likestillingslova
§ diskrimineringslova
§ diskriminerings- og tilgjengelova
§ arbeidsmiljølova – kapittel 13 om likebehandling
§ bustadlovene – føresegnene om ikkje-diskriminering
§ husleigelova
§ burettslagslova
§ bustadbyggjelagslova
§ eigarseksjonslova
Likestillingslova
Likestillingslova forbyr diskriminering på grunn av kjønn. Likestillingslova gjeld på alle samfunnsområde. Ombodet kan likevel ikkje handheve lova dersom saka dreier seg om reint private tilhøve. Ombodet kan til dømes ikkje seie at ein far bryt likestillingslova fordi han nektar å vere heime med barna når dei er sjuke.
Likestillingslova gjer dessutan unntak for indre tilhøve i trussamfunn. Det betyr, enkelt sagt, at det kan vere tillate å diskriminere på grunn av kjønn dersom det er i samsvar med trua og læra i trussamfunnet. Til dømes vil ei kristen meinigheit kunne nekte å tilsetje kvinnelege prestar, men dersom det er ein vaktmeister eller ein søndagsskolelærar som skal tilsetjast, må trussamfunnet rette seg etter diskrimineringsforbodet i lova.
Kjønnsdiskriminerande reklame:
Kjønnsdiskriminerande reklame blir regulert av marknadsføringslova § 2 andre ledd. LDO handhevar ikkje denne lova. Førespurnader om kjønnsdiskriminerande reklame må difor rettast til Forbrukarombodet.
Diskrimineringslova
Diskrimineringslova seier at det er forbode å diskriminere på grunnlag av etnisitet, nasjonalt opphav, avstamming, hudfarge, språk, religion og livssyn. Diskrimineringslova gjeld på alle samfunnsområde med unntak av personlege tilhøve. Trus- og livssynssamfunn er unnatekne frå forbodet mot diskriminering på grunnlag av religion og livssyn dersom det er viktig for å få gjennomført dei religiøse eller livssynsmessige formåla til verksemda.
Arbeidsmiljølova
I tillegg har vi føresegner som forbyr diskriminering på visse grunnlag i arbeidslivet. Desse grunnlaga er: politisk syn, medlemskap i arbeidstakarorganisasjon, seksuell orientering, nedsett funksjonsevne og alder.
Bustadlovene
I bustadlovgivinga er det eit spesielt forbod mot å diskriminere ein person på grunn av homofil orientering. Dette betyr til dømes at eit burettslag ikkje kan ha vedtekter som forbyr to personar av same kjønn å eige ein seksjon. Ein huseigar kan heller ikkje nekte å leige ut til ein homofil person. I prinsippet gjeld vernet i bustadlovene berre homofile og ikkje heterofile, medan arbeidsmiljølova vernar begge grupper.
Dersom du meiner deg diskriminert på bakgrunn av eitt eller fleire av desse grunnlaga, kan du sende ein klage til ombodet eller berre søkje rettleiing via telefon, e-post eller brev.
Diskriminerings- og tilgjengelova
Formålet med lova er å fremme likestilling og likeverd, sikre like moglegheiter og rett til å delta i samfunnet for så mange som mogleg, uavhengig av funksjonsevne, og hindre diskriminering på grunn av nedsett funksjonsevne.