Gå direkte til innhold [access key = c] Gå direkte hovedmeny [access key = m] Gå direkte til kontaktinformasjon [access key = f]

Hovedmeny

Brødsmulesti

22. mai 2007

Resultatrapport 2006

Rapporteringa tek utgangspunkt i ombodets mål og strategiar i St.prp. nr. 1 (2005–2006). Desse måla har vore vektlagde:

  • Å passe på at norsk rett og forvaltningspraksis samsvarer med dei skyldnadene Noreg har etter FNs kvinnekonvensjon og FNs rasediskrimineringskonvensjon
  • Å ta hand om pådrivar- og rettleiaroppgåver som skal medverke til auka likestilling og likebehandling innanfor det virkefeltet ombodet har
  • Å drive opplysningsarbeid mot allmenta og gi støtte og rettleiing til offentlege instansar, private og frivillige som arbeider for likestilling og mot diskriminering
  • Å overvake arten og omfanget av diskriminering, og medverke til å utvikle kompetanse og formidle kunnskap om likestilling
  • Å intensivere innsatsen på diskriminerings- og likestillingsfeltet – gi dette arbeide større tyngd og merksemd
  • Å vere eit lågterskeltilbod med rask saksbehandling
  • Å marknadsføre ombodet overfor brukargruppene

2006 har vore prega av nyetableringa av Likestillings- og diskrimineringsombodet. I tillegg til samanslåing av tre tidlegare etatar – Senter mot etnisk diskriminering, Likestillingsombodet og Likestillingssentret – har organisasjonen bygd opp kunnskap om tre nye diskrimineringsområde: nedsett funksjonsevne, alder og seksuell orientering. Noreg har tidlegare ikkje hatt noko ombod for etniske minoritetar, språk og religion, så dette var også nytt. Ombodet har i 2006 brukt mykje tid på media og på å komme i dialog med brukarar og målgrupper gjennom møte, arrangement, foredrag og stands rundt om i landet.

Kombinasjonen av å vere aktiv pådrivar og å ha ei etterfølgjande handhevarrolle er viktig og avgjerande for at ombodet skal kunne medverke til å førebyggje diskriminering og utvikle eit samfunn der alle har like sjansar. Eitt av verktøya ombodet har teke i bruk i pådrivararbeidet, er den kunnskapen vi får gjennom einskildsaker om diskriminering. Bak forskjellane i lønn mellom menn og kvinner ligg det samansette årsaker. Konkret kunnskap om ufrivillig deltidsarbeid blant norske jordmødrer, eller ulik praktisering av ordninga med smusstillegg overfor kvinnelege vaskeritilsette, tilfører pådrivararbeidet ein praktisk dimensjon.

Dokumentasjonsarbeid som kvart år vil bli vist i eit diskrimineringsbarometer, er ei anna viktig pådrivaroppgåve. Det same gjeld rettleiing av einskildpersonar, offentlege styresmakter, partane i arbeidslivet, utdanningsinstitusjonar og andre. Ombodet har nytta det første året til nybrotsarbeid gjennom å handtere fleirsidig diskriminering. Det er blant anna identifisert ei rekkje berøringspunkt mellom diskrimineringsgrunnlag, og dette vil ha innverknad på det framtidige pådrivararbeidet til ombodet.

Å passe på at norsk rett og forvaltningspraksis samsvarer med dei skyldnadene Noreg har etter FNs kvinnekonvensjon og FNs rasediskrimineringskonvensjon

Ombodet har i 2006 arbeidd jamleg med saker som vedkjem dei to FN-konvensjonane. Nokre av desse kan framhevast: bioteknologilova – egg- og sæddonasjon, godkjenningsordninga for legar frå land utanfor EØS-området, vern mot rasistiske ytringar –paragraf 135a i straffelova, vilkår for rett til ventestønad – forskrift med heimel i arbeidsmarknadslova.

Ombodet har skrive ei høyringsfråsegn om statens CEDAW-rapport og delteke under eksaminasjonen av Noreg i CERD i Genève. Korleis det vidare arbeidet i ombodet skal innrettast med utgangpunkt i rolla vår, vil bli vurdert på bakgrunn av desse erfaringane.

Den internasjonale interessa for den nye ombodsordninga har vore stor, og mange utanlandske delegasjonar har vist særleg interesse for det norske arbeidet med kjønnslikestilling. Eit viktig bidrag for å gjere norsk kjønnslikestilling kjend i utlandet har vore ombodets innsats for å utvikle nettstaden ”Gender in Norway – Gender.no”.

Å ta hand om pådrivar- og rettleiaroppgåver som skal medverke til auka likestilling og likebehandling innanfor det virkefeltet ombodet har

Blant dei sentrale juridiske pådrivaraktivitetane ombodet har engasjert seg i, må vi særleg nemne

  1. heilskapleg juridisk diskrimineringsvern
  2. ny lov om forbod mot diskriminering på grunnlag av nedsett funksjonsevne og tilrettelegging
  3. rekrutteringsselskapa sitt ansvar for å etterleve forbodet mot diskriminering på grunnlag av alder i arbeidsmiljølova
  4. endring av forskrift til tenestemannslova § 10 reglane om mellombels stilling og samanhengande teneste i arbeidsmiljølova § 14-9 (5)
  5. bortfall av dagpengar for sjølvstendig næringsdrivande 


Ombodet har elles engasjert seg i spørsmål knytte til kjønnsnøytrale reglar for opptening og uttak av foreldrepermisjon, barnetrygd m.m.

Ombodet har teke opp fleire saker av generell interesse innanfor ombodets mandat i 2006. Nokre eksempel: tolking i rettsvesenet, registrering av hatkriminalitet, medisinsk turnus og foreldrepermisjon, smusstillegg for vaskeritilsette i kommune, politiets kontrollpraksis overfor utlendingar og krav om to målformer ved arbeid i staten.

Den pådrivaroppgåva som ombodet har, blei til dels løyst ved gjennomføring og avslutning av større prosjekt: nominasjonskampanjen Val 2007 – fleire kvinner øvst på listene, aldersdiskrimineringsveka 2006 – informasjonstiltak om forbodet mot aldersdiskriminering i arbeidslivet, Fostering Caring Masculinities – korleis bedrifter kan leggje til rette for at fedrar betre kan balansere mellom arbeid og familie, full likestilling og aktiv deltaking for personar med funksjonsnedsetjing, Common Measures – forbetra dokumentasjon av diskriminering.
Ombodet har sett i gang eit arbeid for å samle inn nasjonalt og internasjonalt materiale som dreiar seg om å rettleie arbeidsgivarar om etnisitet. Dette materialet er blitt tilpassa norske forhold og vil våren 2007 bli lagt ut på nettsidene til ombodet. Ombodets materiale vil ta utgangspunkt i den særskilde kompetansen vi har i diskrimineringsspørsmål.


Å drive opplysningsarbeid mot allmenta

Viktige målgrupper og kanalar for å gjere ombodet kjent har vore sentrale offentlege styresmakter, partane i arbeidslivet, foreiningar og interesseorganisasjonar og andre mindre aktørar, i tillegg til media.

I tillegg til eigne lanseringsarrangement både i Oslo og elles i landet, markerte ombodet seg også hos andre arrangørar. I den samanheng blei det laga ein generell brosjyre om diskriminering på ti ulike språk. Nettsidene er ein annan viktig informasjonskanal mot allmenta. Ei ny publiseringsløysing blei bestilt mot slutten av året for å få på plass meir omfattande og interaktive internettsider.

Til saman har ombodet halde rundt 110 foredrag i 2006. Desse spenner over heile spekteret av mandatet, men med eit hovudfokus på diskriminering og likestilling i arbeidslivet. Ombodet mottok og behandla over 400 presseførespurnader som saman med eigne utspel resulterte i 1352 oppslag i ulike medium (utanom etermedia). I tillegg blei det skrive 45 innlegg og kronikkar i løpet av året. Ombodet har fast spalte i fleire blad og nettmagasin.

Å gi støtte og rettleiing til offentlege instansar, private og frivillige som arbeider for likestilling og mot diskriminering

Ombodet har hjelpt ei rekkje arbeidsgivarar som søkjer å innrette praksisen sin i samsvar med dei krava som følgjer av lova. Eit par eksempel:

  • Hjelp til å kvalitetssikre språkkompetansen til medisinskfagleg personale og andre tilsette utan norsk som morsmål ved Ullevål sjukehus.
  • Rettleiing ved ei rad kommunale handlingsplanar – i første rekkje har det vore i samband med kjønnslikestilling.

Ombodet sette i mars i gang eit prosjekt for å klargjere mål og aktivitetar for ei samla rettleiingsteneste som stetta krava både i likestillingslova og i diskrimineringslova om høvesvis aktivitetsplikt og rettleiing om etnisk mangfald. I tillegg skulle rettleiingstenesta ta seg av ombodets plikt til å informere om likebehandling på tvers av ulike diskrimineringsgrunnlag som er nemnde i likebehandlingskapitlet i arbeidsmiljølova. Målet for det vidare arbeidet vil vere å utnytte den kunnskapen vi får av aktivitets- og utgreiingssplikta. Vi vil også ta med oss dei erfaringane vi får i samband med utgreiingsplikta og dei andre grunnlaga inn i eit meir einskapleg arbeid som går på tvers av diskrimineringsgrunnlag.

I 2006 blei NORADs kvinnestrategi lagd fram. Ombodet har vore med på prosessen for evaluering av kvinnestrategien i utviklingssamarbeidet, som blei sluttført tidleg i 2006. Arbeidet blei sett i gang før 2006. Prosjektet førte fram til ei kompetanseheving på likestillingsstrategiar i NORADs arbeid.

I november arrangert ombodet eit møte med kjønnsforskarar i Noreg. Forskarar frå institusjonar i Tromsø, Oslo, Bergen og Stavanger deltok. Ombodet var også med på å førebu milepælskonferansen i 2006 og 2007.

I høyringsfråsegna til ei rettleiing til § 3-5 i arbeidsmiljølova, ”arbeidsgivers plikt til å gjennomgå opplæring i helse, miljø og sikkerhet”, peikte ombodet på at arbeidet med ikkje-diskriminering må komme med i HMT-opplæringa. For ombodet er det viktig å finne høve til å spreie kunnskap om likestilling og diskriminering i dei fora som til dagleg bør ha ansvar for og kan handtere slike spørsmål. 


Å overvake arten og omfanget av diskriminering

Ombodet byrja i 2006 på arbeidet med å lage eit likestillings- og diskrimineringsbarometer. Saker om kjønnsdiskriminering i arbeidslivet dominerer framleis i klagesaksarbeidet. I tillegg har ombodet hatt fleire saker som gjeld aldersdiskriminering i arbeidslivet og diskriminering på grunnlag av etnisitet. Ombodet har i lita grad motteke relevante klagesaker som gjeld diskriminering på grunnlag av funksjonshemming, seksuell orientering eller religion/livssyn. Dette gir ikkje grunnlag for å seie at det ikkje skjer diskriminering på slike grunnlag.

Ombodet har i 2006 teke opp 55 klagesaker på eige initiativ. Bakgrunnen for at vi tek opp slike saker, er dels medieomtalar, dels publikumstips eller tips frå organisasjonar og dels ombodets eigne undersøkingar. Nokre eksempel: Avslag på tilsegn om kjøp av bustad – trass i at ein har det høgaste bodet, eigne skuleklasser for personar med innvandrarbakgrunn, avslag på søknad om oppretting av nytt drosjeselskap, Norsk Luthersk Misjonssambands verdidokument i tilsetjingssaker, aldersdiskriminerande vilkår og språkkrav i stillingsannonsar og krav om at søkjarar må beherske begge målformer ved arbeid i staten.


Eit lågterskeltilbod med rask saksbehandling

I 2006 mottok ombodet til saman 1230 juridiske saker og nærmare 150 andre førespurnader som gjaldt rettleiing av ulik art. Ombodet har vidare som særskild oppgåve å utgjere eit alternativ til domstolsbehandling av diskrimineringssaker. I 2006 har ombodet byrja på ei kontradiktorisk klagesaksbehandling av 286 saker med sikte på å gi fråsegn som avklarer om eit forhold er i strid med det lovverket ombodet forvaltar. 

Førespurnader om rettleiing kom i vesentleg grad via e-post, til saman 566 stykke. Ein annan viktig kanal er telefonen, til saman fekk ombodet 527 telefonisk førespurnader frå personar som meinte at dei hadde eit juridisk problem. Ombodet mottok elles 90 førespurnader per brev/faks, og 28 personar møtte opp direkte hos ombodet.

Når det gjeld klagesaker, er biletet noko annleis. 97 klagesaker byrja på bakgrunn av ei skriftleg klage send som brev/faks. 81 klagesaker byrja på bakgrunn av eit e-brev, 43 etter ein telefonisk førespurnad og 8 ved direkte oppmøte. 55 klagesaker tok ombodet opp på eige initiativ etter medieomtale, publikumstips, tips frå organisasjonar eller ombodets eigne undersøkingar.


Marknadsføre ombodet overfor brukargruppene

Ombodet etablerte i 2006 brukarforum for alle dei seks diskrimineringsgrunnlaga og avvikla møte med kvart av dei. I foruma sit representantar for organisasjonar og kompetansemiljø innanfor dei ulike områda.

Ombodet avvikla i 2006 to opne informasjonsmøte utanfor Oslo (Karasjok og Kristiansand) i tillegg til fleire informasjonsmøte og debattmøte i Oslo. Her er nokre eksempel: to dagars seminar om aldersdiskriminering, debattmøte om 21 års aldersgrense, halvdagsseminar om hatkriminalitet mot homofile og eit ope seminar om heilskapleg diskrimineringsvern.

LDOs brukarutval
Interesseorganisasjonar og ulike kompetansemiljø blei i juni 2006 inviterte til å nominere kandidatar til LDOs brukarutval. Utvalet hadde det første møtet sitt 21.11.2006.
Medlemmene i utvalet i 2006–2008 er: Abdullahi Mohamed Alason, Kristiansand, Ivar Bjørgen, Trondheim, Agnes Bolsø, Trondheim, Lisa Jåma, Tromsø, Kristin Kvaalen, Telemark, Ragnar Kværness, Oslo, Thomas Prestø, Oslo, Eilin Reinaas, Molde, Benjamin Rødner, Oslo, Susan Rakhsh, Oslo, Marianne Slinde, Oslo, Berit Vegheim, Oslo, Elin Vestrum, Oslo, Johan Øydegard, Oslo.