8. jun 2010
Mandat
Brukarutvalet skal vere eit tverrfagleg utval som skal samarbeide og utveksle erfaringar med interessegrupper og frivillige organisasjonar. I tillegg skal utvalet kunne bidra med innspel til pådrivararbeidet ombodet gjer. Formålet med utvalet er å gi ombodet kunnskap om aktuelle problemstillingar og tendensar.
Utvalet skal innhente faglege synspunkt og erfaringar og skal bestå av 12–14 ressurspersonar med kompetanse innan diskrimineringsgrunnlaga kjønn, etnisitet, funksjonshemming, seksuell orientering, religion, nasjonale minoritetar og alder. I tillegg skal ein eller fleire ressurspersonar innan arbeidslivsproblematikk vere representerte. Resten av medlemmene kan veljast frå til dømes næringslivet, media og utdanningsinstitusjonar.
Representasjonen i utvalet skal spegle mangfaldet i befolkninga og dessutan vere spreidd geografisk.
Medlemmene i utvalet blir foreslått av LDO i samråd med aktuelle interessegrupper og organisasjonar for to år om gongen. Deltakinga kan forlengjast med inntil ein periode for kvart medlem. Det blir ikkje oppnemnt varamedlemmer. Ved fråfall vurderer LDO fortløpande om utvalet skal supplerast.
Ombodet har ansvar for å leggje til rette for kontinuerleg og systematisk dialog med utvalet. Utvalet skal kallast inn minst to gonger kvart halvår. Ved behov kan LDO kalle inn delar av utvalet for å drøfte særskilde problemstillingar. LDO vel sjølv eigne representantar som skal delta på dei enkelte møta med utvalet.