Gå direkte til innhold [access key = c] Gå direkte hovedmeny [access key = m] Gå direkte til kontaktinformasjon [access key = f]

Hovedmeny

Brødsmulesti

7. jun 2010

Organisasjonskart

Likestillings- og diskrimineringsombodet har fire fagavdelingar og ei stabsavdeling. Kvar av desse avdelingane blir styrt av ein avdelingsleiar som rapporterer til ombodet.

Ombod

Ombud Sunniva Ørstavik

Sunniva Ørstavik


Pressebilete 

 

Stab.

Administrasjon: Svein Lund.

Avdelingar

Avdeling for lov og rett:

Avdelinga tek imot klager frå enkeltpersonar og gir fråsegner. Ombodet er eit alternativ til vanleg domstolsbehandling i saker som dreier seg om diskriminering. Avdelinga fører også tilsyn med om norsk rett og forvaltningspraksis samsvarar med Noreg sine plikter etter FNs kvinnekonvensjon og FNs rasediskrimineringskonvensjon.

Avdelingsleiar: Elisabeth Lier Haugseth.

Rettleiingsavdelinga

Avdelinga gir rettleiing til enkeltpersonar, arbeidsgivarar og andre som har spørsmål om likestilling og diskriminering, og om rettar og plikter i arbeidslivet. Avdelinga fører også tilsyn med den lovpålagte aktivitets- og rapporteringsplikta og gir rettleiing om denne.

Avdelingsleiar: Ståle Bratlie

Avdeling for dialog- og utvikling:

Avdelinga er ein pådrivar for eit meir likestilt samfunn der makt og fridom er betre fordelt og alle blir behandla likeverdig. God dialog med organisasjonar og andre som arbeider for likestilling og mot diskriminering er ein føresetnad for å oppnå resultat. Avdelinga har òg ansvar for kommunikasjonsarbeidet i LDO.

Avdelingsleiar: Grete Berget.

Avdeling for kunnskap og analyse:

Avdelinga skal bidra til at ombodet arbeider kunnskapsbasert og har god oversikt over utviklinga på våre område. Kunnskapen omfatter både analyse av eige erfaringsmateriale og av relevant statistikk og faktakunnskap frå forskningsmiljø og byrå.

Avdelingsleiar: Bjørg Unstad.