Gå direkte til innhold [access key = c] Gå direkte hovedmeny [access key = m] Gå direkte til kontaktinformasjon [access key = f]

Hovedmeny

Brødsmulesti

Tips en venn

     
07.06.2010

Serviceerklæring for Likestillings- og diskrimineringsombodet

Serviceerklæringa beskriv kva brukarane kan vente av Likestillings- og diskrimineringsombodet (LDO).

Kven er brukarane av Likestillings- og diskrimineringsombodet?

LDO skal vere eit lågterskeltilbod som er lett tilgjengeleg for brukarane. Alle kan vende seg til LDO. Anten du har vorte utsett for diskriminering sjølv, vil hjelpe nokon som har opplevd diskriminering, eller søkjer informasjon om rettar og plikter, kan du ta kontakt med oss. Du kan òg vende deg til LDO med tips om ei sak du meiner vi bør engasjere oss i.

Arbeidsgivarar, tillitsvalde og andre kan få råd og rettleiing om korleis dei hindrar diskriminering og fremmar likestilling.

Det er gratis å bruke Likestillings- og diskrimineringsombodet.

Kven er Likestillings- og diskrimineringsombodet?

LDO er fagleg uavhengig. Administrativt er vi knytte til Barne- og likestillingsdepartementet.

Diskrimineringsombodslova med forskrift regulerer arbeidet til LDO. LDO vart oppretta 1. januar 2006.

Kva gjer Likestillings- og diskrimineringsombodet?

LDO skal kjempe mot diskriminering og fremme likestilling, uavhengig av mellom anna

  • kjønn 
  • etnisitet 
  • funksjonshemming
  • språk
  • religion og livssyn 
  • seksuell orientering 
  • alder

Likestillings- og diskrimineringsombodet skal

  • handheve likestillings- og diskrimineringslovgivinga
  • peike på tilhøve som hindrar likestilling eller medverkar til diskriminering 
  • gi råd og rettleiing om arbeid som fremmar likestilling 
  • dokumentere og formidle kunnskap om likestilling og diskriminering
  • vere ein nasjonal kunnskapsbase for likestilling og diskriminering

Landsdekkjande tilbod

Likestillings- og diskrimineringsombodet er lokalisert i Oslo, men er eit tilbod for heile landet. Bur du langt unna Oslo, kan du kontakte oss via Internett, e-post, telefon eller brev.

Kva kan LDO gjere for deg som er utsett for diskriminering?

  • Vi kan gi råd og rettleiing i spørsmål om diskriminering
  • Vi kan ta imot førespurnader/klagar. LDO kan uttale seg om ei konkret handling er lovstridig. Fråsegna er ikkje rettsleg bindande, men kan førast inn for Likestillings- og diskrimineringsnemnda, som i enkelte saker kan gjere bindande vedtak. Dersom det vil føre med seg skade å vente på vedtaket i nemnda, kan LDO gjere eit såkalla hastevedtak i saka. Ofte er det slik at det blir ordna opp i ein tvist berre ved at LDO tek kontakt med den som er skulda for å diskriminere.
  • Vi kan ta imot tips om mogleg diskriminering. LDO kan på bakgrunn av slike tips ta opp saker på eige initiativ.

Råd og rettleiing om arbeid som fremmar likestilling

LDO rettleiier om kva tiltak arbeidsgivarar og andre kan setje i verk for å oppnå likestilling og motverke diskriminering. For arbeidslivet er det utarbeidd ei eiga rettleiing som arbeidsgivarar kan få tilsendt. LDO utviklar også elektronisk rettleiingsmateriell som blir gjort tilgjengeleg på internettsidene til LDO. I tillegg tilbyr LDO foredrag om temaet.

LDO skal føre tilsyn med at arbeidsgivarar og offentlege styresmakter arbeider målretta, planmessig og aktivt for likestilling mellom kjønna.


Formidling av informasjon og kunnskap om likestilling og diskriminering

Likestillings- og diskrimineringsombodet skal vere ein arena for aktuell debatt innan saksområda våre. LDO arrangerer jamlege møte og seminar der aktuelle tema blir behandla og debatterte. Informasjon om likestilling og diskriminering er også tilgjengeleg på internettsidene til LDO.

Telefon

Du kan få råd og rettleiing via telefon i opningstida. Ein jurist som kan gi hjelp i spørsmål om rettar, skal vere tilgjengeleg.

Besøk

Det er ein fordel, men ikkje nødvendig, at du avtaler besøk på førehand. I dei fleste tilfella er ein jurist som kan hjelpe til i spørsmål om rettar, tilgjengeleg.

Tilgjengelegheit


Lokala til LDO er lagde til rette for rullestolbrukarar, men vi disponerer ingen eigne parkeringsplassar.

Kommunikasjon

Vi kan tilby skriftleg og munnleg rettleiing. Dersom du har behov for tolk i møte med oss, kan vi skaffe det på førespurnad.

Internettsidene til LDO er tilpassa blinde og svaksynte.

LDO arbeider for å ha ein lettfatteleg kommunikasjon, slik at alle brukarane våre skal ha moglegheit til å forstå det vi seier.

E-post og brev

Du kan vende deg skriftleg til LDO ved hjelp av brev eller e-post. Vi følgjer forvaltningslova når det gjeld svarfrist. Du har krav på svar på førespurnaden din seinast innan tre veker, men vi prøver å svare så raskt som mogleg. Dette betyr ikkje at du kan vente at ein klage er ferdigbehandla innan denne fristen, men at LDO har sett i gang arbeidet med saka.

Internettsider

LDO er alltid tilgjengeleg for å ta imot førespurnader via nettstaden vår, www.Ldo.no. På nettsidene finn du mellom anna 

  • lover vi handhevar 
  • juridisk rettleiing i rettar og plikter
  •  informasjon om saksbehandlinga i LDO 
  • fråsegner og avgjerder
  • brosjyrar og andre publikasjonar som kan lastast ned eller tingast 
  • fakta om likestilling og diskriminering 
  • elektroniske skjema for spørsmål og klagesaker
  • nyheiter

Offentlegheit

Likestillings- og diskrimineringsombodet følgjer offentleglova, det vil seie at alle saksdokument i utgangspunktet er offentlege. Alle som spør om det, vil kunne få innsyn i brev, e-postar og andre dokument som er sende til eller frå oss. Personopplysningar er teiepliktige, og utanforståande vil ikkje få innsyn i dei.
Dersom du vender deg til LDO med ei sak om diskriminering, vil ikkje namnet ditt vere offentleg. Det er berre partane i ei klagesak som kan få personopplysningar. Part i ei slik sak vil til dømes vere arbeidsgivaren din dersom du meiner deg diskriminert på jobben. Da vil førespurnaden din normalt bli send over til arbeidsgivaren din. På same vis vil du få alle opplysningar frå motparten (i dette dømet arbeidsgivaren). Dette er nødvendig for at begge partar i ei sak skal kunne kontrollere fakta og eventuelt tilbakevise feil. Du kan i særlege tilfelle be om å få vere anonym, men i dei aller fleste tilfella vil det redusere moglegheita til å gå vidare med saka.

Ein arbeidsgivar har ikkje lov til å straffe ein tilsett for å ha teke kontakt med Likestillings- og diskrimineringsombodet.

Kan eg vere anonym? Tilhøvet til offentleglova

Alle kan vende seg til ombodet, og ombodet kan gi rettleiing sjølv om du ikkje opplyser om namn og adresse. Dersom vi skal behandle saka di som ei klagesak, må vi ha kontaktopplysningar om deg.

Sidan ombodet er eit forvaltningsorgan, er ombodet bunde av offentleglova. Det betyr at alle brev som kjem inn til ombodet, og alle brev som blir sende ut herifrå, skal førast i ein offentleg postjournal. Alle som ønskjer det, kan be om innsyn i dei dokumenta som er oppførte i postjournalen. Offentleglova slår fast at ein i nokre tilfelle kan nekte innsyn. Det vil til dømes gjelde opplysningar om personlege tilhøve. Ombodet har teieplikt om personlege tilhøve. Som ”personlege tilhøve” reknar ein mellom anna opplysningar om familietilhøve, fysisk og psykisk helse, om ein tek imot sosial stønad frå det offentlege, osv. – altså tilhøve det er vanleg å ønskje å halde for seg sjølv. Dersom du kontaktar ombodet og til dømes skriv om problem du har med arbeidsgivaren din, vil vi rekne det som ”personlege tilhøve”. Vi vil da halde utanfor alle opplysningar som kan identifisere deg, dersom nokon ber om innsyn i brevet ditt.

Dersom du derimot sender oss ein e-post eller eit brev der du til dømes spør kva reglar som gjeld for uttak av foreldrepengar, eller gjer oss merksame på ein stillingsannonse som kan vere i strid med lova, vil e-posten/brevet og svaret vårt til deg vere offentleg tilgjengelege.

Hovudregelen er altså at det som blir sendt inn til oss, blir halde unna offentlegheit dersom det dreier seg om personlege tilhøve. I slike saker vil berre saksnummer, dokumentnummer og første tittellinje i brevet gå fram av postjournalen. Andre brev kan lesast direkte frå postjournalen.

Teieplikt

Alle medarbeidarane hos Likestillings- og diskrimineringsombodet har teieplikt.

Media

Medieomtale av sakene og fråsegnene våre er viktig for å gjere allmenta merksam på rettar og plikter. Journalistar har tilgang til LDOs postjournal. LDO opplever stor interesse frå media for sakene sine.

LDO gir ikkje frå seg personopplysningar til media utan samtykke frå dei som er involverte.

Hjelp til å finne fram i det offentlege

Dersom LDO ikkje kan hjelpe deg, gir vi deg råd om kvar du kan vende deg.

Klage på servicen frå LDO

Dersom du ikkje er fornøgd med servicen frå LDO, ber vi om at du tek kontakt med oss via telefon, e-post eller brev.