Gå direkte til innhold [access key = c] Gå direkte hovedmeny [access key = m] Gå direkte til kontaktinformasjon [access key = f]

Hovedmeny

Brødsmulesti

2. jun 2010

Fakta om etnisitet

  • Av befolkninga i Norge har om lag 10 prosent innvandrarbakgrunn. Om lag 6 prosent har ikkje-vestleg bakgrunn.
  • Ordet ”etnisitet” betyr kulturelt særpreg som kjenneteiknar ei gruppe menneske.
  • Alle har ein etnisitet, same korleis omgrepet blir definert. Den vanlegaste forståinga av omgrepet er at det handlar om kulturelle tilhøve som språk, religion, klede, matvanar etc
  • Når vi brukar uttrykket ”etniske minoritetar”, ekskluderer vi den norske etniske majoriteten, men inkluderer alle andre som i norsk samanheng er minoritetar. 
  • Det er ulovleg å gi ein person av ein etnisk minoritet dårlegare behandling enn ein etnisk norsk person.
  • Det skjer i dag diskriminering på grunn av etnisitet, særleg i arbeidslivet. LDO behandla 47 saker på grunnlag av etnisitet i 2009. 25 av desse var klager på forhold i arbeidslivet.
  • I 2008 behandla ombodet  64 klager på diskrimineringsgrunnlaget etnisitet, 11 av desse gjaldt arbeidslivet.  
  • Fire av ti med personar innvandrarbakgrunn står utanfor arbeidslivet, samanlikna med 3 av 10 i heile befolkninga.
  • 40 prosent av høgskuleutdanna med innvandrarbakgrunn arbeider i yrke utan utdanningskrav. Ein av fire (23 prosent) sysselsette med innvandrarbakgrunn er midlertidig tilsette, og mange jobbar deltid.
  • Ti prosent av arbeidstakarar med innvandrarbakgrunn rapporterer om plaging eller ubehagelig erting fra kollegaer på jobben kvar månad.

 

Eksterne nettstader: