18. mai 2007
Arbeidsgivaren må leggje til rette
Arbeidsgivaren må leggje arbeidsplassen til rette slik at funksjonshemma kan utføre arbeidet på lik linje med funksjonsfriske.
Arbeidsmiljølova gir arbeidsgivaren plikt til å leggje til rette for at arbeidstakarar med funksjonshemming skal kunne jobbe i verksemda.
Plikta inneber at arbeidsgivaren, så langt som råd, må setje i verk nødvendige tiltak for at funksjonshemma skal
- kunne få arbeid eller behalde arbeidet
- utføre og ha framgang i arbeidet
- ha tilgang til opplæring og anna kompetanseutvikling
Dersom arbeidsgivaren ikkje legg til rette slik at funksjonshemma får same høve til å utføre arbeidet som funksjonsfriske, kan det reknast som diskriminering.
Arbeidsgivaren pliktar å leggje til rette for at arbeidstakarar som blir funksjonshemma, for eksempel på grunn av ei ulykke, skal kunne halde fram i den same jobben.
Tilretteleggingsplikta har visse avgrensingar. Grensa for kva tiltak arbeidsgivaren har plikt til å gjennomføre, vil variere ut frå kva slags funksjonshemming og kva verksemd det er snakk om. Arbeidsgivaren må gjere ei konkret vurdering i kvart einskilt tilfelle.
Arbeidsgivaren pliktar å setje i verk nødvendige tiltak, med mindre dei inneber ei urimeleg belastning. Bedrifta må med andre ord å gjere det som er praktisk og økonomisk mogleg. Folketrygda dekkjer dessutan visse utgifter til tilrettelegging.
I tillegg vil storleiken på verksemda kunne påverke kva for tilretteleggingstiltak arbeidsgivaren må innføre.