Gå direkte til innhold [access key = c] Gå direkte hovedmeny [access key = m] Gå direkte til kontaktinformasjon [access key = f]

Hovedmeny

Brødsmulesti

22. mai 2007

Arbeidsgivaren skal ikkje spørje om helsa di

Arbeidsgivarar har berre lov til å innhente helseopplysningar som er heilt nødvendige for kunne sjekke om ein arbeidssøkjar vil klare å utføre jobben.

Arbeidsmiljølova avgrensar kva for helseopplysningar arbeidsgivarens kan innhente ved ei tilsetjing. Arbeidsgivaren må ha eit nødvendig og sakleg behov for å skaffe slike opplysningar om deg. Dersom du for eksempel har pacemaker og skal jobbe i ein elektrolysehall, kan magnetfelta i hallen forstyrre pacemakeren. Då vil opplysningar om at du har pacemaker, vere relevante. Men spørsmål om pacemaker er ikkje relevant ved tilsetjing i ein telefonseljarjobb. 

Då departementet utarbeidde arbeidsmiljølova, definerte det helseopplysningar som ”opplysninger som kan bidra til å kartlegge en persons nåværende eller mulige fremtidige helsetilstand”. Helseopplysningar er med andre ord eit svært vidt omgrep. Kva som er nødvendig, må vurderast konkret i kvar einskild tilsetjingssak.

I utgangspunktet har ikkje arbeidsgivaren rett til å innhente opplysningar om helsa di. Dette gjeld både om du søkjer arbeid og om du er tilsett i verksemda. Dersom arbeidsgivaren ber om helseopplysningar frå deg, må han eller ho ha eit nødvendig og sakleg behov for informasjonen. Det er dermed viktig å vere klar over at det ikkje finst noko totalforbod mot å innhente helseopplysningar.

Forbodet omfattar også opplysningar om moglege arvelege sjukdommar som foreldra dine har. Arbeidsgivaren kan altså ikkje spørje om det finst arvelege sjukdommar i familien din, med mindre opplysningane er nødvendige. Dersom arbeidsgivaren krev slike opplysningar, skal det vere av omsyn til din tryggleik eller fordi verksemda har klare behov for kunnskap om helsa di.

Forbodet mot å innhente helseopplysningar omfattar ikkje berre det å spørje deg direkte. Arbeidsgivaren har heller ikkje lov til å spørje familie, venner, legen din eller tidlegare arbeidsgivarar om helsesituasjonen din.