18. mai 2007
Folketrygda dekkjer tilrettelegging
Arbeidsgivarar kan få dekt utgifter i samband med tilrettelegging av arbeidsplassen.
Eit såkalla tilretteleggingstilskot frå Folketrygda skal stimulere både private og offentlege verksemder til å tilpasse arbeidsplassen til arbeidstakarar med redusert arbeidsevne.
Arbeidsgivarar må søkje om økonomisk støtte frå det lokale NAV-kontoret. NAV løyver tilskot til tiltak som utprøving, tilrettelegging, opplæring eller arbeidstrening.