Gå direkte til innhold [access key = c] Gå direkte hovedmeny [access key = m] Gå direkte til kontaktinformasjon [access key = f]

Hovedmeny

Brødsmulesti

18. mai 2007

Forskjellsbehandling kan vere lovleg

I visse høve er det lov å forskjellsbehandle funksjonshemma, men berre dersom det er tvingande nødvendig og godt grunngitt.

Det er lov å forskjellsbehandle deg som er funksjonshemma, dersom

  • arbeidsgivaren har eit sakleg formål å ta omsyn til
  • forskjellsbehandlinga ikkje er uforholdsmessig inngripande overfor deg
  • forskjellsbehandlinga er nødvendig for utøvinga av arbeidet eller yrket

Kravet om sakleg formål inneber at grunngivinga for forskjellsbehandlinga må vere sann, relevant og akseptabel i kvar einskild situasjon.

Dette er ei objektiv vurdering, så den einskilde arbeidsgivaren kan ikkje fritt avgjere om det finst eit sakleg formål. Det må gjerast ei konkret vurdering i kvart einskilt tilfelle. Eit formål som er sakleg for éin arbeidsgivar i éin gitt situasjon, vil ikkje nødvendigvis vere sakleg for ein annan arbeidsgivar eller i ein annan situasjon.

Det saklege formålet må dessutan vere nødvendig for utføringa av det konkrete arbeidet eller yrket. Ein entreprenør som skal tilsetje anleggsarbeidarar til eit byggjeprosjekt, har lov til å leggje vekt på fysiske kvalifikasjonar. Sit du i rullestol, vil det vere upraktisk å tilsetje deg som stillasmontør. Den same arbeidsgivar kan derimot ikkje leggje vekt at du sit i rullestol, dersom ho eller han skal tilsetje ein ny rekneskapsmedarbeidar.

Det tiltaket arbeidsgivaren vel, kan heller ikkje vere uforholdsmessig inngripande overfor deg som blir forskjellsbehandla. Dette betyr at dei ulempene forskjellsbehandlinga får for deg, må vegast opp mot dei fordelane forskjellsbehandlinga er meint å fremme.