22. mai 2007
Kva er funksjonshemming?
Verken Stortinget eller domstolane har definert kven som er funksjonshemma og dermed verna mot diskriminering i arbeidslivet.
Arbeidsmiljølova slår fast at det er forbode å diskriminere funksjonshemma i arbeidslivet. Funksjonshemma har derfor i utgangspunktet rett til å bli behandla på lik linje med andre personar i arbeidslivet. Men diskrimineringsvernet gjeld førebels berre i arbeidslivet.
Arbeidsmiljølova presiserer ikkje kva som er ei funksjonshemming. Stortinget, som vedtek lovene, har ikkje lista opp alle former for funksjonsnedsetjingar som kjem inn under omgrepet funksjonshemming.
Har du ei fysisk eller psykisk funksjonsnedsetjing som er varig, har du sannsynlegvis ei funksjonshemming, etter føresegnene i arbeidsmiljølova. Dersom du sit i rullestol, er svaksynt, har ei eller anna form for psykisk liding, hiv eller aids, reknar lova deg som funksjonshemma.
Om du derimot bryt ein fot, er skaden nesten alltid forbigåande. Då vernar heller ikkje lova deg mot diskriminering, men arbeidsgivaren din pliktar å leggje arbeidet til rette slik at du kan jobbe med krykkjer.
Kvar grensa for funksjonshemming skal gå, er vanskeleg å stadfeste før domstolane har teke stilling til kva omgrepet dekkjer.