Gå direkte til innhold [access key = c] Gå direkte hovedmeny [access key = m] Gå direkte til kontaktinformasjon [access key = f]

Hovedmeny

Brødsmulesti

18. mai 2007

Staten kan prioritere funksjonshemma

Tenestemannslova gir funksjonshemma utvida rettar ved tilsetjingar.

Ved tilsetjingar i staten må arbeidsgivaren ta omsyn til særreglane i tenestemannslova i tillegg til reglane i arbeidsmiljølova.

Dersom det finst kvalifiserte funksjonshemma eller yrkeshemma søkjarar til ei stilling, skal alltid minst éin innkallast til intervju.

Arbeidsgivaren kan dessutan velje å tilsetje ein funksjonshemma søkjar sjølv om det finst betre kvalifiserte søkjarar til stillinga. Dette blir ofte kalla radikal forskjellsbehandling, og det gir funksjonshemma større sjansar til å bli tilsette. Radikal forskjellsbehandling kan berre brukast dersom søkjaren blir verande utan arbeid om han eller ho ikkje får stillinga.

Det er viktig å merke seg at tenestemannslova definerer funksjonshemma snevrare enn arbeidsmiljølova. Ein blir rekna som funksjonshemma, med utvida rett til tilsetjing, dersom ein er registrert som yrkeshemma hos NAV, dersom ein i løpet av det siste året har fullført attføring i NAVs regi, eller dersom ein hevar heil eller gradert uførepensjon.