18. mai 2007
Kva tyder universell utforming?
I 70-åra var fjernkontrollen eit spesialprodukt for personar med funksjonsnedsetjing. I dag er han universell utforming i praksis: ei enkel og tilgjengeleg løysing som blir brukt av alle.
Eit produkt, byggverk eller uteområde er universelt utforma når det er laga på ein slik måte at alle menneske, utan omsyn til funksjonsnivå, kan bruke dei. Dermed blir spesialutstyr og hjelpemiddel overflødige.
- Tradisjonen i Noreg er at ein planlegg for den spreke mannen på 40 år. Og så lagar ein spesialløysingar i tillegg. I staden bør ein ta utgangspunkt i personar med funksjonsnedsetjingar. Det er dei som stiller høgast krav til tilgjenge og brukartilpassing, seier Norges Handikapforbund. Forbundet meiner at universelle løysingar også vil gagne resten av befolkninga, fordi dei er funksjonelle, brukarvennlege og utan hindringar.
I praksis betyr det trinnfritt tilgjenge til bygningar, breiare døropningar og færre fortauskantar. Tog og bussar skal ha enkelt og sikkert tilgjenge for alle og gi informasjon om stoppestader og destinasjon både skriftleg og munnleg. Spesialløysingar som rullestolramper ved sida av trappa skal i størst mogleg grad gjerast overflødige ved at majoritetsløysinga blir tilpassa alle brukarar.
Miljøverndepartementet og Arbeids- og sosialdepartementet har, i samarbeid med andre involverte departement, utarbeidd ein handlingsplan for universell utforming. Fleire lovverk, inkludert plan- og bygningslova, har i tillegg føresegner om universell utforming, tilgjenge og brukartilpassing. Det finst også ein del kvalitetskrav i forskrifter, rettleiarar og standardar. Ei samling av relevante byggjereglar finn du hos Statens bygningstekniske etat (http://www.be.no/beweb/regler/regeltop.html). I menyen til høgre finn du elles lenkjer til viktige offentlege dokument og organisasjonar og institusjonar som har meir informasjon om universell utforming