15. feb 2010
Lover og reglar
Lover som vernar mot diskriminering og trakassering på bakgrunn av kjønn.
Likestillingslova
Likestillingslova forbyr diskriminering på bakgrunn av kjønn. Likestillingslova gjeld på alle samfunnsområde. Ombodet kan likevel ikkje handheve lova dersom saka dreier seg om reint private tilhøve. Ombodet kan til dømes ikkje seie at ein far bryt likestillingslova dersom han nektar å vere heime med barna når dei er sjuke.
Likestillingslova gjer dessutan unntak for indre tilhøve i trussamfunn. Det betyr, enkelt sagt, at det kan vere tillate å diskriminere på grunn av kjønn dersom det er i samsvar med trua og læra i trussamfunnet. Til dømes vil ei kristen meinigheit kunne nekte å tilsetje kvinnelege prestar, men når ein vaktmeister eller ein søndagsskolelærar skal tilsetjast, må trussamfunnet rette seg etter diskrimineringsforbodet i lova.
Arbeidsmiljølova
Arbeidsmiljølova forbyr diskriminering på visse grunnlag i arbeidslivet. Desse grunnlaga er: politisk syn, medlemskap i ein arbeidstakarorganisasjon, seksuell orientering, nedsett funksjonsevne og alder.