Gå direkte til innhold [access key = c] Gå direkte hovedmeny [access key = m] Gå direkte til kontaktinformasjon [access key = f]

Hovedmeny

Brødsmulesti

13. sep 2011

Kunnskapsgrunnlaget for arbeidet til LDO

Ombodet får kunnskap om tilhøve som kan vere i strid med konvensjonane, på fleire måtar:

Særskilde merknader frå komiteane

På bakgrunn av rapportane held komiteane munnlege høyringar med Noreg. Både offentlege styresmakter og det sivile samfunnet deltek på slike eksaminasjonar. Deretter foreslår komiteane tiltak som dei meiner Noreg bør gjennomføre. Det er ei sentral oppgåve for ombodet å føre tilsyn med korleis staten følgjer opp merknadene frå komiteane, og å kommunisere med norske styresmakter om dette.

Tilrådingane frå komiteane

Nokre av tilrådingane er av generell art, medan andre er retta inn mot det spesifikke landet som har rapportert inn likestillingstilstanden sin.

Individklager

I 2000 blei kvinnekonvensjonen supplert med ein tilleggsprotokoll som gir individ og grupper av enkeltpersonar høve til å få saka si høyrd av kvinnekomiteen dersom rettane deira er blitt krenkte. Tilleggsprotokollen gir også komiteen høve til å starte undersøkingar på eige initiativ der det er mistanke om alvorlege eller systematiske brot på rettane.

Andre kjelder for menneskerettar

Kvinnekonvensjonen skal mellom anna sjåast i lys av FNs handlingsplan for likestilling , utvikling og fred (Beijing-plattforma). Møta i kvinnekommisjonen i og utfallet av dei er viktige kjelder. 

Noreg deltek også på verdskonferansane mot rasisme, framandfrykt og intoleranse (Durban). Den siste blei halden i Geneve i 2009. Tilrådingar til statane om å setje i verke tiltak for å kjempe mot rasisme og diskriminering  blir tekne inn i arbeidet til styresmaktene.

Klagesaker til LDO

Klagesaker til ombodet er ei viktig kjelde i tilsynsarbeidet.

Høyringssaker

Ombodet får også høve til å føre tilsyn med konvensjonsforpliktingane gjennom å greie ut kva konsekvensar forslag om lovendringar, reformer, sektorpolitikk og liknande kan få for likestillinga.

Konsultasjon med det sivile samfunnet / uavhengige instansar

Dialog med relevante aktørar, som frivillige organisasjonar, og andre menneskerettsaktørar gir også ombodet informasjon om likestillingssituasjonen.

Dokumentasjon og forsking

Ombodet hentar inn kunnskap frå forsking og rapportar knytte til samfunnsområda til dei enkelte konvensjonane. I tillegg har ombodet eigne prosjekt og dokumenterer og analyserer sjølv arten og omfanget av diskrimineringa.