Gå direkte til innhold [access key = c] Gå direkte hovedmeny [access key = m] Gå direkte til kontaktinformasjon [access key = f]

Hovedmeny

Brødsmulesti

13. sep 2011

LDOs tilsyn med FN-konvensjonane

Arbeidet med konvensjonane skjer på fleire måtar:

  1. Nasjonal rapportering: Tilsyn med at norske styresmakter overheld konvensjonane, gjennom rapportering til Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet om eventuelle konfliktar 
  2. Internasjonal rapportering: Tilsyn med om og korleis norske styresmakter overheld konvensjonane gjennom uavhengig rapportering til FN-komiteane 
  3. Bruk av konvensjonane i tolking, handheving og pådrivarabeid i samband med det norske diskrimineringslovverket 
  4. Å gjere konvensjonane tilgjengelege

Her er meir utfyllande informasjon om nokre av fokusområda:

Nasjonal rapportering 

Ombodet skal føre tilsyn med at norsk rett og forvaltningspraksis samsvarer med dei forpliktingane Noreg har etter kvinnekonvensjonen og rasediskrimineringskonvensjonen i FN. Det følgjer av diskrimineringsombodslova § 1, tredje ledd. Departementa har ansvar for å gjennomføre konvensjonane i norsk rett. 

Ombodet har som mål å ha ein meir systematisk dialog med styresmaktene for å sikre eit kontinuerleg og heilskapleg arbeid med konvensjonane.

Internasjonal rapportering

Kvinnekomiten og rasediskrimineringskomiten i FN består av uavhengige ekspertar som overvakar arbeidet som blir gjort i medlemsstatane for å gjennomføre føresegnene i konvensjonane. Kvart fjerde år gjer Noreg greie for korleis dei gjennomfører standardane i konvensjonane gjennom politikk, lovgiving og doms- og forvaltningspraksis. Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet har ansvaret for at styresmaktene rapporterer til tilsynsorgana i FN. Noreg har hittil levert 8 offentlege rapportar til kvinnekomiteen og 20 til rasediskrimineringskomiteen.

Komiteane har utvikla prosedyrar for å gi ikkje-statlege organisasjonar og uavhengige instansar høve til å korrigere rapporteringa frå statane i form av såkalla skuggerapportering / supplerande rapportering. På denne måten er rapporteringssystemet eit viktig pådrivarverktøy, som kan brukast til å tolke likestillings- og diskrimineringsomgrepa og til å utvikle, gjennomføre og evaluere likestillingstiltak. I dei seinare åra har komiteane framheva  dette korrektivet til den statlege rapporteringa som svært viktig.

Ombodet leverte ein supplerande rapport til den åttande rapporten til kvinnekomiteen, og til den tjuande rapporten i rasediskrimineringskomiteen.

Ombodet har hatt møte med representantar for det sivile samfunnet og styresmaktene i arbeidet med rapportane. Ombodet har også delteke i eksaminasjonane av staten både i rasediskrimineringskomiteen i 2006 og 2011 og i kvinnekomiteen i 2007.

Ombodet er med i ei koordineringsgruppe saman med Barneombodet, Norsk senter for menneskerettar og Sivilombodsmannen. Koordineringsgruppa møtest cirka fire gonger i året. Ein viktig del av agendaen er å orientere kvarandre om rapporteringane og arbeidet opp mot dei ulike menneskerettskonvensjonane, eventuelt kunne samarbeide om enkelte tema og gi kvarandre innspel, og i nokre tilfelle kanskje sende felles bidrag. Handheving og pådrivararbeid i samband med nasjonal diskrimineringsrett

Ombodet har som mål å styrkje bruken av konvensjonane i klagesaker knytte til individuell og strukturell diskriminering,  til dømes når lover og reglar diskriminerer enkelte grupper. Det gjeld også i høyringsfråsegnene vi har gitt til lovendringar og politiske reformer, og i saker der ombodet foreslår likestillingsfremmande tiltak på eige initiativ. Dette er særleg aktuelt der den norske lovgivinga ikkje er tilstrekkeleg, eller der det tilsynelatande er motstrid mellom regelverk. 

Tilgjengeleggjering av konvensjonane

Informasjon om tilsynet og dei spørsmåla vi tek opp med styresmaktene, er sentralt for arbeidet vårt. Informasjonsarbeidet skjer gjennom fleire fora.

Nettsidene våre er ein sentral kanal når det gjeld å informere om tilsynet med korleis styresmaktene etterlever føresegnene i konvensjonane. Det er også viktig å gjere det nasjonale lovverket og dei internasjonale rettane kjende for alle grupper i den norske befolkninga.