15. feb 2010
Lover og reglar
Diskrimineringslova seier at det er forbode å diskriminere på grunn av etnisitet, nasjonalt opphav, avstamming, hudfarge, språk, religion og livssyn.
Diskrimineringslova gjeld på alle samfunnsområde med unntak av personlege tilhøve.
Trus- og livssynssamfunn er unnatekne frå forbodet mot diskriminering på grunn av religion og livssyn dersom det er viktig for å få gjennomført dei religiøse eller livssynsmessige formåla til verksemda.