Fakta
Vald i nære relasjonar og seksualisert vald er eit alvorleg samfunnsproblem og eit hinder for reell kjønnslikestilling.
Vald og truslar om vald reduserer kontrollen over eige liv i tillegg til moglegheita til å delta i og ha innverknad på samfunnet. Hatkriminalitet og rasistiske ytringar hindrar også likestilling mellom ulike grupper.
Både likestillingslova, diskrimineringslova og arbeidsmiljølova forbyr trakassering.
I diskrimineringslova blir trakassering definert som handlingar, forsømmingar eller ytringar som verkar eller er meint å verke krenkjande, skremmande, fiendtlege, nedverdigande eller audmjukande.
Arbeidsgivarar og leiinga i organisasjonar eller utdanningsinstitusjonar pliktar å førebyggje og hindre trakassering. LDO skal bidra til at føresegnene om forbod mot trakassering blir følgde. Når det gjeld seksuell trakassering, er det domstolane som avgjer om lova er broten.