Seksuell orientering
Dei fleste lesbiske og homofile har gode levekår og livskvalitet, men på enkelte område kjem gruppa dårlegare ut enn befolkninga generelt.
Omtrent kvar femte kvinne og kvar fjerde mann har opplevd ei eller anna form for diskriminering på arbeidsplassen eller studiestaden. Sosial utstøyting og mobbing er det største problemet.
Likestillings- og diskrimineringsombodet handhevar diskrimineringsføresegnene i bustadlovene og arbeidsmiljølova, men ikkje straffelova. Det betyr at LDO gir rettleiing og behandlar saker som gjeld diskriminering av personar på grunnlag av seksuell legning, i arbeidslivet og på bustadfeltet.
Homofile og lesbiske har førebels ikkje eit vern når det gjeld til dømes skole/utdanning og uteliv. I forslaget til eit heilskapleg diskrimineringsvern er det lagt opp til å forby diskriminering av gruppa på alle samfunnsområde.