15. feb 2010
Lover og reglar
Likestillings- og diskrimineringsombodet handhevar diskrimineringsføresegnene i bustadlovene og arbeidsmiljølova, men ikkje straffelova.
Forbodet mot diskriminering på grunnlag av seksuell eller homofil legning og orientering er ikkje heilt einsarta i dei ulike lovene. Dette kan skape ein del forvirring. Det blir brukt ulike omgrep, som ”seksuell orientering”, ”seksuell legning”, ”homofil legning” og ”homofil samlivsform”. Avhengig av kva omgrep som blir brukte i dei ulike lovene, vil omfanget av forbodet og vernet variere.
Arbeidsmiljølova
I tillegg har vi føresegner som forbyr diskriminering på visse grunnlag i arbeidslivet. Desse grunnlaga er: politisk syn, medlemskap i ein arbeidstakarorganisasjon, seksuell orientering, funksjonshemming og alder.
Bustadlovene
I bustadlovgivinga er det eit spesielt forbod mot å diskriminere ein person på grunn av seksuell orientering. Dette betyr til dømes at eit burettslag ikkje kan ha vedtekter som forbyr to personar av same kjønn å eige ein seksjon. Ein huseigar kan heller ikkje nekte å leige ut til ein homofil person. I prinsippet gjeld vernet i bustadlovene berre homofile og ikkje heterofile, medan arbeidsmiljølova vernar begge grupper.
Dersom du meiner at du er diskriminert på bakgrunn av eitt eller fleire av desse grunnlaga, kan du sende ein klage til ombodet eller berre søkje rettleiing via telefon, klageskjema, e-post eller brev.
Føresegnene om Ikkje-diskriminering i bustadlovene