16. feb 2011
Årsrapport 2010
LDO gikk inn i ein ny fase i 2010. Organisasjonen fekk nytt ombod og leiar.
I 2010 hadde LDO ei større satsing mot utelivsdiskriminering, m.a. i samarbeid med Oslo kommune og Barne-, likestillings- og integreringsdepartementet, BLD. I tillegg til ein felles konferanse med dei to samarbeidspartane, arrangerte LDO debattmøte i Oslo og Trondheim.
Også i år har ombodet gjennomført ei landsomfattande seminarrekkje for meir mangfald i arbeidslivet. Tiltaket var støtta av EU og Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet og innebar mellom anna eit samarbeid med Asker kommune om spesialretta kurs mot førstelinjetenesta i ulike sektorar i kommunen.
I samband med turneen, nytta ombodet høvet til å møte organisasjonar regionalt for å drøfte felles utfordringar, og korleis ombodet kan nyttast lokalt. Ombodet deltek kvart år på ulike festivalar for å møte brukarane der dei er og informere om kva LDO kan tilby