logo
Gå direkte til innhold [access key = c] Gå direkte hovedmeny [access key = m] Gå direkte til kontaktinformasjon [access key = f]

Hovedmeny

Brødsmulesti

Om ombudet

Likestillings- og diskrimineringsombudet skal fremme likestilling og bekjempe diskriminering uavhengig av blant annet kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og alder. Ombudet håndhever diskrimineringsforbudene i lovverket, gir veiledning og er en pådriver for likestilling og mangfold.

Ombud Beate Gangås Sunniva Ørstavik er likestillings- og diskrimineringsombod.

Pressebilete.

Pådrivar

Pådrivararbeidet til ombodet skal bidra til auka likestilling i samfunnet som heilskap. Det inneber mellom anna å

  • avdekkje og peike på tilhøve som motverkar likestilling og likebehandling. 
  • bidra til bevisstgjering og vere ein pådrivar for endring i haldningar og åtferd.
  • gi informasjon, støtte og rettleiing i arbeidet for å fremme likestilling og motarbeide diskriminering
  • gi arbeidsgivarar i offentleg og privat sektor råd og rettleiing om etnisk mangfald i arbeidslivet.
  • formidle kunnskap og utvikle dokumentasjon om likestilling og overvake kva slags diskriminering som skjer, og kor stort omfang diskrimineringa har.
  • vere ein møtestad og eit informasjonssentrum som legg til rette for samarbeid mellom aktuelle aktørar.

Handhevar av lova

Ombodet skal handheve

Rolla som handhevar av lova inneber å komme med fråsegner i klagar om brot på lover og føresegner under verkeområdet til ombodet og å gi råd og rettleiing om dette regelverket.

Klagar på diskriminering

Alle som meiner seg diskriminerte, skal kunne leggje fram saka si for ombodet, som vil be om opplysningar frå begge partar, vurdere saka objektivt og seie om dei meiner at det har skjedd diskriminering. Fråsegna frå ombodet kan klagast inn for Likestillings- og diskrimineringsnemnda.

Kan eg vere anonym? Tilhøvet til offentleglova

Alle kan vende seg til ombodet, og ombodet kan gi rettleiing sjølv om du ikkje opplyser om namn og adresse. Dersom vi skal behandle saka di som ei klagesak, må vi ha kontaktopplysningar om deg.

Sidan ombodet er eit forvaltningsorgan, er ombodet bunde av offentleglova. Det betyr at alle brev som kjem inn til ombodet, og alle brev som blir sende ut herifrå, skal førast i ein offentleg postjournal. Alle som ønskjer det, kan be om innsyn i dei dokumenta som er oppførte i postjournalen. Offentleglova slår fast at ein i nokre tilfelle kan nekte innsyn. Det vil til dømes gjelde opplysningar om personlege tilhøve.

Ombodet har teieplikt om personlege tilhøve. Som ”personlege tilhøve” reknar ein mellom anna opplysningar om familietilhøve, fysisk og psykisk helse, om ein tek imot sosial stønad frå det offentlege, osv. – altså tilhøve det er vanleg å ønskje å halde for seg sjølv.

Dersom du kontaktar ombodet og til dømes skriv om eventuelle problem du har med arbeidsgivaren din, vil vi rekne det som ”personlege tilhøve”. Vi vil da halde unna alle opplysningar som kan identifisere deg, dersom nokon ber om innsyn i brevet ditt.

Dersom du derimot sender oss ein e-post eller eit brev der du til dømes spør kva reglar som gjeld for uttak av foreldrepengar, eller gjer oss merksame på ein stillingsannonse som kan vere i strid med lova, vil e-posten/brevet og svaret vårt til deg vere offentleg tilgjengelege.

Hovudregelen er altså at det som blir sendt inn til oss, blir halde borte frå offentlegheita dersom det dreier seg om personlege tilhøve. I slike saker vil berre saksnummer, dokumentnummer og første tittellinje i brevet gå fram av postjournalen. Andre brev kan lesast direkte frå postjournalen.

Rettleiing om rettar

Ombodet har dessutan plikt til å rettleie i diskrimineringssaker som er omfatta av andre reglar enn dei ombodet handhevar, til dømes i samband med melding av rasistisk motivert kriminalitet, oppseiingssaker som blir behandla etter andre føresegner enn likebehandlingskapitlet i arbeidsmiljølova, og ved søknad om fri sakførsel.

Internasjonale konvensjonar

Likestillings- og diskrimineringsombodet ønskjer å utveksle erfaringar nasjonalt og internasjonalt. Ombodet skal sjå til at norsk rett og forvaltningspraksis samsvarar med dei pliktene Noreg har etter kvinnekonvensjonen og  rasediskrimineringskonvensjonen i FN.