Kven jobbar i LDO

Likestillings- og diskrimineringsombodet har 37 tilsette fordelt på tre avdelingar og stab. Hanne Bjurstrøm er ombod.

Rettleiingssavdelinga

Avdelinga gjer rettleiing til einskildpersonar, arbeidsgjevarar og andre som har spørsmål om likestilling og diskriminering, og om rettar og plikter i arbeidslivet. Avdelinga fører óg tilsyn med den lovpålagte aktivitets- og rapporteringsplikten og gjer rettleiing om denne.

 

May Schwartz er fungerande avdelingsleiar.

  • Epost: may.schwartz@ldo.no

 

Tilsynsavdelinga

Avdelinga har ansvaret for Likestilling- og diskrimineringsombodets tilsyn med at norske styresmakter følgjer forpliktingane i FN-konvensjonane. Dette inneber mellom anna å rapportere nasjonalt og internasjonalt om korleis Noreg følgjer konvensjonane, å bruke konvensjonane i det daglege arbeidet, og å spreie informasjon om konvensjonane.

Guri Hestflått Gabrielsen er avdelingsleiar.

 

Drift- og utviklingsavdelinga

Avdelinga har oppgåver knytta til drifta av ombodet, og skal ivareta naudsynte støttefunksjonar innan mellom anna økonomi, arkiv, kontoradministrasjon, personal, datatenester og førstelinjetenesten. HR og organisasjonsutvekling inngår også her. Administrasjonen skal støtte dei andre avdelingane i LDO i den daglege drifta.

Mona Larsen-Asp er avdelingsleiar.