Arbeidet vårt

Likestillings- og diskrimineringsombodet er til for dei som blir diskriminerte.

Kvart år blir vi kontakta av fleire hundre menneske som fortel om mobbing, trakassering, diskriminering, utestenging, overgrep og vald. Felles for dei er at liva deira blir sterkt avgrensa. Dei blir fråtekne moglegheita til å delta i samfunnet, og til å påverke sitt eige liv og sin eigen kvardag.

Vår hovudoppgåve er å fremme likestilling og kjempe mot diskriminering på grunn av kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

 


Les ombodets strategi for perioden 2017 - 2022 her

 Dei som meiner dei har vore utsette for diskriminering, kan få råd og rettleiing hos ombodet. Målet med rettleiinga er at dei sjølv skal vere i stand til å løyse problemet. Dersom det ikkje fører fram, kan ein klage saka inn for Likestillings- og diskrimineringsnemnda. Nemnda kan komme med eit fråsegn (ein konklusjon) om diskriminering har skjedd eller ikkje.

Ombodet har ansvar for å overvake at norsk rett samsvarer med FNs kvinnekonvensjon (CEDAW), rasediskrimineringskonvensjon (CERD) og konvensjon om rettar for personer med nedsett funksjonsevne (CRPD).

Hanne Bjurstrøm er likestillings- og diskrimineringsombod.

Mål og visjonar

Likestilling- og diskrimineringsombodet har ein visjon om eit samfunn der makta og innverknaden er likare fordelt, fridomen tilgjengeleg for alle, og verdet til kvart enkelt menneske ukrenkeleg.

All likestilling og fridom frå diskriminering handlar om makt til sjølv å definere kva som er viktig, makt til å påverke, ta kontroll og verkeleggjere draumar. Kunnskap om eigne rettar og høve er ein føresetnad for reell makt og innverknad.

Fridom er ein føresetnad for å kunne vere seg sjølv og kunne realisere potensialet sitt, enten det dreier seg om økonomisk fridom, fridom frå vald, bevegelsesfridom, religionsfridom eller fridom til å ta eigne val. Likestilling handlar ikkje om likskap, men om verdsetting av kven ein er og vala ein tek.

Likestilling handlar om å sikre at alle menneske, uansett kven dei er, er behandla likeverdig.

Fem vegval er retningsgjevande for vårt arbeid.

Vi hjelp mange

Vi veit at mange i Noreg opplever diskriminering. Likestillings- og diskrimineringsombodet er til for dei som er utsette for diskriminering, og gjennom rettleiing og klagesaksbehandling hjelp vi mange.   

Vi prioriterer førebygging

Arbeidet til ombodet handlar ikkje berre om å hjelpe dei som har opplevd diskriminering. Det handlar òg om å førebygge og å sikre at dei strukturane og ordningane vi har, faktisk bidrar til å fremje likestilling og hindre diskriminering. Ombodet skal påpeke samfunnsskapte barrierar som hindrar like høve, spreie informasjon om likestilling og diskriminering, og ta initiativ til debattar om status på likestillingsområdet og om ulike verkemiddel som kan brukast i arbeidet for eit meir likestilt samfunn.

Vi skapar og endrar saman med andre

Samarbeid med sivilsamfunnet er viktig for å styrke ombodet sin kunnskap om erfaringane til dei som opplever diskriminering og mangel på likestilling i Noreg i dag. Samarbeidet med sivilsamfunnet er viktig i ombodets sitt pådrivararbeid i høve til norske styresmakter, og i arbeidet med å skape engasjement for likestilling.

Vi ansvarliggjer

I Noreg er det enno slik at det svir meir å bli diskriminert enn å diskriminere. I arbeidet vårt er det viktig å ansvarliggjere dei som diskriminerer. Det gjer vi blant anna gjennom pådrivararbeidet, tilsyn med fleire av FNs menneskerettkonvensjonar, og i arbeidet med å skape eit ikkje-diskriminerande arbeidsliv.

Vi utviklar LDO som kunnskapsorganisasjon

Vi dokumenterer, systematiserer og analyserer kunnskap om kva som fremmer likestilling og hindrar diskriminering på dei prioriterte områda våre, og nyttar dette i arbeidet.