Eit av regjeringa sine strategiske mål med den nyleg lanserte planen mot etnisk diskriminering er at likestilling og anti - diskriminering skal integrerast i det daglige arbeidet i alle verksemder.
- Dessverre reflekterer ikkje tiltaka i planen denne offensive målsetjinga, seier Likestillings- og diskrimineringsombod Beate Gangås.
Det har kome to handlingsplanar mot rasisme og diskriminering før denne, og begge har blitt evaluert. Det går ikkje fram av den nye planen korleis regjeringa har teke omsyn til effekten av dei to forrige planane og evalueringane av dei.
Beate Gangås er skuffa over at tiltaka som gjeld skule hovudsakleg handlar om å hindre mobbing.
- Det manglar tiltak retta mot strukturar i skulen som kan hindra fråfall i yrkesfagleg opplæring, noko forsking har vist er eit alvorlig problem. Derfor er det viktig å sjå på diskrimineringsaspekt også i slike spørsmål, meiner ombodet.
Gode, men lite forpliktande tiltak
Den nye handlingsplanen inneheld fleire gode tiltak som kan hindre diskriminering. Mellom anna legg regjeringa opp til ei fullstendig diskrimineringslovgjeving og opplæring innafor denne, noko LDO synest er svært positivt.
LDO er også nøgd med opplæring og kompetanseutvikling for leiarar og tillitsvalde, i tillegg til tiltak for å betre bruk av tolk i offentleg sektor.
Regjeringa har etter forslag frå LDO dessutan avgjort at det skal opprettast eit forum for likestillingsdata.
Nytt i denne planen er at nokre av tiltaka byggjer på eit samarbeid mellom partane i arbeidslivet. Ombodet ser positivt på at regjeringa har lagt til rette for et slikt samarbeid, men peiker på at fleire av tiltaka er lite forpliktande for partane.
I staden for konkrete mål tek ein i bruk formuleringar som ”skal bidra til” og ”skal vurderast” i staden for å gjennomføre innan bestemte fristar, mellom anna når det gjeld parvis testing for å avdekke diskriminering
- Eg håper at myndigheitene faktisk vil gjennomføre slik testing fordi dette er ein effektfull måte å avdekkje og gjere folk merksame på diskriminering, seier ombod Beate Gangås.
Etterlyser tiltak for minoritetar
Likestillings- og diskrimineringsombodet er skuffa over at den nye handlingsplanen manglar tiltak som tek vare på vernet mot diskriminering som førekjem innover og mellom enkelte minoritetsgrupper, noko som vert lova innleiingsvis i planen.
- Eg saknar tiltak for homofile med minoritetsbakgrunn, minoritetsjenter og kvinner, seier Gangås.
Ho synes også det er urovekkjande få konkrete steg framover i forhold til nasjonale minoritetar i den nye handlingsplanen.
Oppfølging
Trass manglar i den lenge lova handlingsplanen, inneheld den tiltak som LDO har forventningar til når det gjeld resultat.
- Eg er spent på gjennomføringa av planen og på sentrale myndigheiter si oppfølging av verksemdene som har ansvar for dei enkelte tiltaka i planen, seier Beate Gangås.