Søkjelys på likestilling

Tysdag overleverer Likestillingsutvalet ein rapport om organiseringa av likestillingsarbeidet i Noreg til statsråd Audun Lysbakken.

- Rapporten er viktig fordi den opnar for ein nødvendig debatt om korleis  vi kan jobbe betre for likestilling og mot diskriminering. Det trengs, for vi har store utfordringar som vi ikkje har klart å løyse, seier likestillings- og diskrimineringsombod Sunniva Ørstavik.

Rapporten blir lagt fram på ein pressekonferanse tysdag 15. november klokka 12. Sunniva Ørstavik vil vere til stades.

Kontakt: Presserådgjevar Trine Rom Giving, 915 98 856.

Heilhetleg likestillingspolitikk

Likestillingsutvalet vert leia av professor Hege Skjeie. Det skal leggje grunnlaget for ein heilskapleg og kunnskapsbasert politikk for likestilling mellom kvinner og menn.

Rapporten som blir levert statsråd Audun Lysbakken tysdag er ei delutgreiing, der utvalet har sett på organiseringa av likestillingsarbeidet.

Les meir om Likestillingsutvalet her.