Nye rettleiingssider

Onsdag publiserte vi rettleiingssider for dei som tilbyr offentlege tenester, og dei som bruker disse tenestene. Sidene gir råd og rettleiing om korleis ein kan sikre at alle får eit like godt tilbod, uavhengig av for eksempel kjønn, funksjonsevne og religion.

Likeverdige tenester betyr at alle skal ha tilgang til tenester av like god kvalitet, og at tenestene er tilpassa det enkelte mennesket sitt behov.

Offentlege tenester omfattar eit bredt spekter av tilbod vi treng og brukar kvar dag. Det kan blant anna vere i utdanning, helse og omsorg, sikkerheit, sosial stønad, samferdsel og renovasjon.

- Rettleiingssidene er retta mot offentlege verksemder som tilbyr tenester, og dei som mottar disse tenestene. Her finn du også tips for korleis du kan sikre likeverdige tenester, og kva du kan gjere dersom du opplever diskriminering, sier prosjektleiar Eva Marie Schreiber.

Gå til sidene for likeverdige offentlege tenester her.