Høring - framlegg til nye føresegner om universell utforming av lufthamner og ombordstigningsløysinger

Likestillings- og diskrimineringsombodet viser til høyringsbrev frå
departementet av 2.juli 2012.
Ombodet er positiv til høyringa. Vi støtter særlig forslaget om at somme deler av teknisk forskrift til plan- og bygningsloven skal gjelde tilsvarande for eksisterande lufthamnanlegg. Ombodet meiner det er viktig at departementet går langt på dette område, og krev størst mogleg tilgjengelegheit når det gjeld terminalbygning, tilgang til informasjon og for innsjekking som er sentrale delar
av ein lufthamn.

Det er også positivt at det presiserast i høyringsbrevet at ombodet fortsatt skal kunne behandle saker om universell utforming på lufthamner etter diskriminerings- og tilgjengelighetsloven § 9, sjølv om Luftafartstilsynet no blir kontrollerande instans etter Luftfartslova.

Ombodet ser imidlertid at begrepa funksjonshemma og bevegelseshemma blir brukt om kvarandre i høyringa. På side tre i høyringsnotatet vises det blant anna til at «Av § 5 andre ledd følgjer det at § 5 første ledd følgjer det at organisasjonar som representerar funksjonshemma eller bevegelseshemma skal trekkjast inn i arbeidet med utarbeidinga av både statusrapport og utbetringsplanen»

Ombodet meiner det er uheldig at det brukast to ulike begrep her. Diskriminerings- og tilgjengelighetslova bruker begrepet personar med nedsett funksjonsevne. Ombodet oppfordrar departementet til å bruke dette begrepet i heile forskriften.

Når det gjeld krav til standard på ombordstigningsløysinger i § 9 i forskriften ser ombodet at det vil bli for omfattande å stille krav om at lufthamnoperatør skal anlegge passasjerbruer ved eksisterande lufthamnanlegg.

Ombodet meiner imidlertid det er uheldig at det i § 9 i forskriften ikkje stilles krav om trinnløs rampe eller teknisk løfteanordning som ombordstigningsløysing også på flyplassar som har færre enn 100.000 passasjerar per år. Ombodet meiner det som eit utgangspunkt ikkje kan aksepterast at passasjerar skal bli bært inn i flyene på bærestol på mindre lufthamner. Det er viktig at også luftfartsmyndighetene bidrar til nedbygging av samfunnsskapte funksjonshemmende barrierer og hindre at nye blir skapt.

Ombodet meiner derfor at det bør stillast krav om teknisk løfteanordning for alle lufthamner sjølv om dei har mindre enn 100 000 passasjerar per år. På den måten vil ein kunne unngå forskjellsbehandling av passasjerar mellom dei ulike lufthamnene.

For øvrig har vi ikkje fleire merknader til forslaget.

Venleg helsing,
Ragnar Lie, seniorrådggivar.

Marte Bauge, Rådgiver. Sakshandsamer: Marte Bauge.