Arbeidsgivar hadde ikkje gjort det sannsynleg at dei i samband med tilsetjing berre hadde lagt vekt på andre forhold enn foreldrepermisjon.

Klagar meinte at ho på grunn av foreldrepermisjon blei forbigått ved tilsetjing i to heilårsvikariat.

Arbeidsgivar hevdar at avgjerda blei gjort på grunnlag av omsynet til kompetanse og dei faglege behov i redaksjonen.

I ein e-post til klagar skreiv arbeidsgivar at vikariata var utløyst av behov allereie frå nyttår og at dei forstod det som at ho ikkje var klar på nokre månader ennå. Ombodet fant derfor at det var grunn til å tru at arbeidsgivar hadde lagt negativ vekt på at klagar var i foreldrepermisjon, jf. likestillingsloven § 16.

Da arbeidsgivar ikkje gjorde det sannsynleg at dei i samband med tilsetjinga berre hadde lagt vekt på andre forhold enn foreldrepermisjonen, kom ombudet fram til at det blei handla i strid med forbodet mot indirekte diskriminering.

Saksnr; 08/1985
Lovanvending; Likestillingslova §§ 3, 4.
Dato; 08.03.2010

Påstått forbigåing på grunn av foreldrepermisjon

Likestillings- og diskrimineringsombodet syner til brev dagsett 19. desember 2008 og klage dagsett 27. mars 2009 frå advokat Heyerdahl på vegne av A.

Heyerdahl hevdar at A blei forbigått til to heilårsvikariat som reporter i X, avdeling 1 i oktober 2008 medan ho var i foreldrepermisjon.

Ombodet har kommi fram til at X, avdeling 1 har handla i strid med forbodet mot indirekte diskriminering i likestillingsloven §§ 4 andre ledd, jf. 3 i ved tilsetjing i dei to heilårsvikariata.

X, avdeling 1 kan bringe uttalen til ombodet inn for Likestillings- og diskrimineringsnemnda for full overprøving innan tre veker frå dei mottar dette brevet, sjå rettleiinga som er lagt ved uttalen.

Bakgrunn for saka

Framstillinga av bakgrunnen for saka bygger på dei skriftlege utgreiingane partane har sendt ombodet.

A har sidan januar 2005 vikariert ved tre ulike distriktskontor i X. Frå januar til juni 2005 var ho nynorskpraktikant ved Y i Z. Ho hadde to månadar med praksis i X, avdeling 2 og to månadar med praksis i X, avdeling 3. Frå juni 2005 til juni 2006 var A tilkallingsvikar i X, avdeling 3 medan ho var student. Frå juni 2006 til september 2006 hadde ho sommarjobb som journalist i avisa W. Fram til 30. april 2008 har A vore tilknyta X, avdeling 1. Da blei det siste vikariatet til A avslutta. Samtidig gikk ho ut i foreldrepermisjon. Permisjonen varte fram til april 2009.

X, avdeling 1 lyste i oktober 2008 ledig to heilårsvikariat og eit vikariat på seks månader som journalist i hovudredaksjonen i V. I utlysingen stod det:

”To årsvikariat og eitt vikariat på seks månader som journalist: Vi søkjer erfarne nyheitsjournalistar, rike på idear, sjølvstende og løysingsvilje. Vi er ein fleirmediell redaksjon og dei vi tilset må ha erfaring frå radio og/eller fjernsynsarbeid. Erfaring med nettjournalistikk vil vere ein fordel. Vikariata inneber arbeid i turnus med kvelds- og helgevakter.”

Det var ti søkjarar til vikariata og sju av dei var vikarar eller tilkallingsvikarar i redaksjonen i V. A søkte på dei to heilårsvikariata. Det blei gjennomført korte samtaler med fire søkjarar; B, C, D og E. X, avdeling 1 opplyser at dei ikkje har tatt vare på notata frå desse samtalene.

B og C blei tilsatt i heilårsvikariata. I november fikk A avslag på søknaden per e-post. I e-post dagsett 11. november 2008 frå distriktssjef F står det:

”Hei! Viser til søknaden din om vikariat hos oss. Etter grundig vurdering av alle søknadene har vi no gjort tilsetjingar i vikariata – som alle starta ved årsskiftet. Dessverre nådde du ikkje opp ved dette høvet. Du må gjerne ta kontakt utpå nyåret med tanke på å diskutere jobbutsiktene vidare. Håper alt står bra til i heimen! Mvh, F” 

A skrev svar i e-post dagsett 12. november 2008:

”Hei! Alt står bra til i heimen, bortsett frå at eg har ein liten klump i magen fordi eg aldri ser ut til å nå opp i X, avdeling 1.
 
Eg registrerer også at C har fått eit årsvikariat. Det fortener ho, men eg trudde også at eg hadde meir erfaring enn henne, og kan brukast på fleire område (TV) og at det ville telle. Men det betyr vel då at C gjer ein betre jobb enn meg.

Ein liten knekk i motivasjonen og sjøltilliten, men ellers alt bra. A”

F svarer slik i e-post dagsett 12. november 2008:

”Hei A! Forstår at du er skuffa men dette var vikariat utløyst av behov allereie frå nyttår. Slik eg har forstått det var du ikkje klar på nokre månader enno, og det stemde ikkje med våre behov no. Ta gjerne kontakt ein dag for å diskutere vidare jobbutsikter når permisjonen din er over. MVh, F”

Etter e-postkorrespondansen inviterte F A til eit møte. Tysdag 13. januar 2009 blei det haldt møte mellom partane. A deltok saman med ein representant frå X, avdeling 1, G. I tillegg deltok F og administrasjonssjef H. Ombodet har fått tilsendt kopi av referatet frå møtet. Det går fram av notatet at X avviser at foreldrepermisjonen var årsak til at dei andre blei tilsett.

Ombodet har også fått tilsendt ein skriftleg uttale dagsett 27. februar 2009 frå G, nestleiar i X, avdeling 1. I uttalen går det fram at ho meiner det er underleg at A ikkje blei sett på som betre kvalifisert når ho har meir erfaring og kompetanse på fleire medieplattformer enn ho som fikk vikariatet.

X, avdeling 1 har sendt ombodet eit notat dagsett 19. oktober 2007 med overskrifta Oppsummering av møte mellom A og arbeidsgiver. I notatet står mellom anna:

”A fikk gode tilbakemeldingar på jobben ho gjer, men også at det står att noko i høve til breidda i arbeidsoppgåver ho kan tilleggast. Dette gjeld særleg med det som har med direktesituasjonar å gjere der ho kvir seg spesielt når det gjelde TV. A meiner sjølv det går greit på direkterapportering i radio og at ho er inne i ein prosess med tanke på å kunne rapportere direkte også på TV.”

Norsk Journalistlag har i e-post dagsett 27. mars 2009 på vegne av A klaga til ombodet. 

Partane sine syn på saka

Norsk Journalistlag v/advokat Heyerdahl hevdar på vegne av A at X, avdeling 1 handla i strid med likestillingsloven i tilknyting til tilsetjinga i dei to vikariata.

Norsk Journalistlag meiner at e-posten frå F ikkje kan bli tolka på meir enn ein måte: X trengte ein vikar som kunne begynne å arbeide allereie frå nyttår. E-posten representerer eit openbart brot på likestillingsloven §§ 4 andre ledd og 3. Utsegna er vidare eit ”omstende” som førar til at provtyngsla går over på X, jf. likestillingsloven § 16.

Samanlikning av kompetansen til A og C står sentralt i saka. Viss ein deler vurderinga opp i formal- og realkompetanse, vil ein sjå at A kjem best ut når det gjeld formalkompetanse. Når det gjeld realkompetanse, er dette ein svært skjønnsmessig vurdering. Norsk Journalistlag meiner at ombodet burde leggje avgjørande vekt på uttalen frå tillitsvalte, G, som var tillitsvalt for både A og C.  

Samtalen F og A hadde i 2007 handla om at det da ikkje var ledige vikariat. At den samla kompetansen til A ikkje var god nok, var ikkje tema. Det einaste som blei påpekt var at A var tilbakehalden med å gjere direkterapporteringar, men at ho var inne i ein prosess med tanke på at ho ville gjøre det.

Da det ble ledig eit vikariat i mars 2008, så A ingen grunn til ikkje å søkje på det. Ho blei også kalla inn til ein samtale, men B blei tilsett i vikariatet. A reknar med at dei ikkje hadde kalla ho inn viss X ikkje rekna ho som ein interessant søkjar. 

Når det gjeld tilsetjinga i dei to vikariata skriver X, avdeling 1:

”Vi meiner det er viktig å sjå vurderingane i lys av at A også tidlegare har søkt på vikariat og fast jobb i X, avdeling 1 uten å nå opp i konkurransen med øvrige søkjarar.”

A gjer oppmerksam på at X her viser til ein stilling ho søkte på i februar 2007, over eitt år tidlegare, der ho ikkje blei kalla inn til intervju. A stiller spørsmål ved denne argumentasjonen fordi ho var inne til samtale om vikariatet i mars året etter. I løpet av dette året hadde ho opparbeidd meir kompetanse og erfaring.

A undrar seg over at X stadig nenner at kompetansen ho har, ikkje er god nok samla sett. A meiner kompetansen ho har er betre enn kompetansen til C og ho har lengre erfaring enn C. C har ikkje lengre utdanning enn A. A har lært C nettarbeid, og har også gitt opplæring til fleire i resepsjonen. C har heller ikkje erfaring som fjernsynsreportar. A har fått svært god tilbakemelding på arbeidet sitt som nettreportar. Ho har også fått ros for arbeid som radio- og fjernsynsreporter. A har alltid levert på vaktene sine. Ho vet ikkje kva X baserer uttalen om at A ikkje har personleg drivkraft for å utvikle nettproduktet på. Ho har gitt uttrykk for at ho er svært glad i nettjournalistikk, ho har studert informasjonsvitskap på universitetet og har skrive oppgåve om nettjournalistikk og blogging. A har også lært seg gode metodar for å skrive gode nettsaker. Ho har heller aldri fått tilbakemelding på at X saknar noko når det gjeld nettarbeidet ho har gjort.

A er ueinig i at dei faglege vurderingane som låg til grunn for tilsetjingane, blei gjennomgått med henne i møtet den 13. januar. A blei fortalt at kompetansen ho har, ikkje var god nok, men ho fikk ikkje vite kva ho mangla. Ho blei heller ikkje fortalt kva for slag kompetanse C hadde som ho ikkje hadde. X meinte det var feil å kommentere det utan at C var til stades. Det går heller ikkje fram av referatet kva for slag kvalifikasjonar det er snakk om.

X skriver at A manglar den naudsynte tryggleiken med omsyn til direktesendingar. A har aldri grua seg for å gå direkte i radio. Da ho jobba i X, avdeling 2 hadde ho aleine ansvaret for fleire direktesendte radiosendingar. A har tilbydt seg å lese nyheiter for X, avdeling 1, men fått beskjed om at det ikkje har vært behov for det. Det einaste A ikkje har gjort, er å gå direkte på fjernsyn. Hovudårsaka er at ho aldri har blitt tilbydt skikkeleg opplæring, men har blitt bedt om å gjøre det utan opplæring. Ho har gitt uttrykk for at ho på sikt kan tenkje seg også direktesendingar på fjernsyn. C har ikkje erfaring med fjernsyn. Argumentet om at A gruar seg for direktesendingar på fjernsyn bør derfor ikkje veie tungt.

A kjenner til at andre vikarar som har vore i foreldrepermisjon, har tilegna seg ansiennitet det året dei har vært i permisjon. A meiner på denne bakgrunn at kompetansen ho har på nett ikkje er dårlegare enn kompetansen C har, sjølv om ho har arbeidd med nettjournalistikk året A har vært i permisjon. Ifølgje C er det ikkje mykje som har endra seg på denne tida.

X, avdeling 1 avviser at dei har handla i strid med likestillingsloven ved tilsetjingane.

Alle søknadene blei gjennomgått og vurdert ut frå dei faglege behova X hadde i redaksjonen. Vurderingane blei gjort av F og dåverande redaksjonssjef nyheiter, I. Etter ei samla vurdering av kompetansen til den enkelte haldt saman med dei faglige behova i redaksjonen, blei B og C tilsett i dei to heilårsvikariata.

Til grunn for tilsetjinga av B låg den solide nyheitserfaringa ho har, høy utdanning, ekstern kompetanse med nettarbeid og evne til rask og sjølvstendig jobbing. B har bachelorgrad i journalistikk med spesialisering i radio. I utdanninga inngår til saman 22 veker intern og ekstern praksis med avvikling av direktesendingar i radio, reportasjearbeid og direkterapportering. Ho har i tillegg eit delfag i tv-produksjonen frå same stad. Av tilleggskompetanse var erfaring med prosjektleiing og motivasjon for framtidig arbeidsleiaransvar i redaksjonen. X vurderte erfaringa frå nyheitsarbeid og nettarbeid i kombinasjon med evne til å lede arbeidet som ekstra verdifull i ei tid der X omorganiserte arbeidet på desken med meir vektlegging av nettarbeidet. B er i dag ein av fire vaktsjefar i redaksjonen. B har avvikla eigne sendingar med radionyheiter i fleire periodar og har også god erfaring med direkterapportering i radio. B har i tillegg hatt vakter som tv-reportar.

Til grunn for tilsetjinga av C låg god erfaring med nyheitsarbeid, spesielt på radio og nett, utprega idérikdom og godt kjeldenett, teft for gode nyheitshistorier, evne til sjølvstendig arbeid og sterk faglig utvikling den tida ho har vore hos X. C har også journalistutdanning; bachelorgrad i journalistikk med djupning i radio. I utdanninga inngår til saman 22 veker intern og ekstern praksis med avvikling av direktesendingar i radio, reportasjearbeid og direkterapportering. 

Av tilleggskompetanse la X vekt på den spesielle evna ho har som nettjournalist. C har ein rekke gonger vore pådrivar i redaksjonen for å få fleire personar til å besøke nettsidene. Samansetjinga av kvalifikasjonar i kombinasjon med teften som nettjournalist vurderte X som eit vesentlig behov i den nye organiseringa av nettarbeidet frå årsskiftet. I ein samla vurdering var det også positivt at C er frå nord i O og har eit talemål X trenger å rekruttere frå. X, avdeling 1 er det einaste mediehuset i regionen som dekker heile O. I X, avdeling 1 har ho i hovudsak vore reporter på radio og nett, og rapportert direkte på radio.

Fordi alle søkjarane hadde tilstrekkelig formalkompetanse i botn og i utgangspunktet var kvalifiserte, var vurderinga av realkompetanse viktig. Ved tilsetjingar må ein sjå hen til kva for slag kompetanse X treng for den personen som skal erstattast, samansetjing av kompetanse i redaksjonen elles og kva for behov X har med omsyn til kommande redaksjonell satsing og utvikling.

På denne bakgrunnen vurderte X kvalifikasjonane til A som ikkje tilstrekkelege til dei to vikariata. A har utvikla seg som ein god fleirmediell nyheitsjournalist i tida hos X, men mangla den naudsynte tryggleiken når det gjeld direktesending, noko X er avhengig av i nyheitsturnusen sin. I tillegg hadde A ikkje tilstrekkeleg spisskompetanse i utviklinga av det redaksjonelle arbeidet på nett, mellom anna ein personleg drivkraft for å utvikle nettproduktet.

Dei tillitsvalde fikk innsyn i søkjarlista og søknadane. Den einaste merknaden som er registrert, var ein munnleg uttale frå X sitt Journalistlag om at leiinga burde legge vekt på erfaring i tilsetjingane. Etter at tilsetjinga blei gjort kjent, registrerte X ingen kommentarar på vala. X stiller seg derfor uforståande til reaksjonane tilsetjingane skal ha skapt slik dei er presentert i uttalen dagsett 27. februar 2009.

Heyerdahl skriv i klaga på vegne av A at den første grunngjevinga ho fikk for ikkje å nå opp i tilsetjingane, var i e-post dagsett 12. november 2008 frå F der det mellom anna står at ho ikkje var klar på nokre månadar. X er ikkje einig i dette. Etter vurderinga til X, går tilbakemeldinga fram av den første e-posten frå F, dagsett 11. november s.å. Det blei sendt tilsvarande svar til dei andre søkjarane.

A ga i e-post uttrykk for at ho var skuffa og meinte seg betre kvalifisert enn den eine av dei to som blei tilsett. F ønskte av prinsipp ikkje å gå inn i ein nærmare fagleg vurdering av A per e-post, også av omsyn til vedkommande som blei tilsett. F formulerte e-posten utan å sikte til foreldrepermisjonen til A. X ser at formuleringa kan bli tolka på ein annan måte og at dei burde ha klargjort dei faglige vurderingane som låg til grunn for at ho ikkje blei tilsett. Dei faglige vurderingane som låg til grunn for tilsetjingane blei gjennomgått med A i møtet den 13. januar 2009, der F også beklaga formuleringane i den aktuelle e-posten.

X meiner det er viktig å sjå vurderingane i lys av at A tidligare har søkt på vikariat og fast stilling i X, avdeling 1 utan å nå opp i konkurransen med andre søkjarar. A søkte på ein fast stilling som journalist hos X i februar 2007. Kompetansen ho har blei ikkje vurdert som tilstrekkelig og ho var verken på intervju eller innstilt til stillingen. Seinare same år gjennomførte X tilbakemeldingssamtaler med alle vikarane. X gjorde det da helt klart for A at kompetansen ho hadde ikkje blei vurdert som tilstrekkelig til å nå opp til lengre vikariat eller fast stilling hos X.

A søkte også på eit heilårsvikariat i mars 2008. Det var elleve søkjarar til stillingen og A var blant dei som var inne til samtale om vikariatet. Etter ein grundig faglig vurdering ut frå behova redaksjonen hadde, blei B tilsett.

X, avdeling 1 har i løpet av dei siste tre åra tilsatt to medarbeidarar i faste stillingar som enten var på vei ut i eller i foreldrepermisjon.  

Rettsleg grunnlag

Likestillings- og diskrimineringsombodet kan gi uttale om eit forhold er i strid med likestillingsloven eller ikkje, jf. diskrimineringsombudsloven § 3 tredje ledd, jf. § 1 andre ledd nr. 1. 

Likestillingsloven § 4 andre ledd, jf. § 3, sett forbod mot direkte og indirekte forskjellsbehandling på grunn av kjønn. Direkte forskjellsbehandling er handlingar som stiller kvinner og menn ulikt fordi dei er av forskjellig kjønn. Handlingar som sett ei kvinne i ei dårlegare stilling enn ho elles ville ha vore på grunn av graviditet eller fødsel strir mot lova. Skjer diskriminering på eit tidspunkt av permisjonen som er tilskriven mor eller far, er det tale om direkte diskriminering. Tre veker før og seks veker etter fødsel er foreldrepermisjonen tilskriven mor.

Med indirekte forskjellsbehandling meiner ein einkvar tilsynelatande nøytral handling som faktisk verkar slik at det eine kjønnet kjem dårlegare ut enn det andre. Det er framleis slik at langt fleire kvinner enn menn som tar ut foreldrepermisjon. Ei vektlegging av slikt fråvær vil derfor ramme kvinner i langt større grad enn menn. Forskjellsbehandling på grunn av foreldrepermisjon som varer lengre enn den som er tilskriven i lova er omfatta av forbodet mot indirekte forskjellsbehandling i likestillingsloven, jf. Ot.prp. nr. 77 (2000-2001) side 36 og 111.

Forbodet gjelder både ved kortvarige og langvarige arbeidsforhold, også ved tilsetjing i vikariat.

Likestillingsloven § 16 har ein regel om delt provtyngsle. Det betyr at den som klager i første omgang må peike på forhold som gir grunn til å tru at forskjellsbehandling har skjedd. Dei ytre omstende i saka må gi støtte til klagar sin påstand. Dersom det er vist til omstende som gir grunn til å tru, må arbeidsgjevar gjere sannsynleg at forskjellsbehandling ikkje har skjedd.

Ombodet si vurdering

Norsk Journalistlag v/advokat Ketil Heyerdahl har bedt ombodet vurdere om A på grunn av foreldrepermisjon har blitt forbigått ved tilsetjing i to heilårsvikariat som reporter. Ombodet vil først ta stilling til om det er grunn til å tru at X, avdeling 1 har lagt vekt på at A var i foreldrepermisjon ved tilsetjinga i dei to vikariata.

I e-post dagsett 12. november 2008 skriver F til A at vikariata var utløyst av behov allereie frå nyttår og at han forstod det som at ho ikkje var klar på nokre månadar ennå. Det nemnes også i e-posten dagsett 11. november 2008 at vikariata starta ved årsskiftet. Viss F meinte A ikkje var klar erfaringsmessig/faglig, må ein rekne med at ho heller ikkje ville ha vore kvalifisert berre nokre få månader seinare. Ombodet meiner e-postkorrespondansen gir en klar indikasjon på at X har lagt negativ vekt på at A var i foreldrepermisjon, og dermed ikkje kunne tiltre frå nyttår. A var i permisjon fram til april 2009. E-postsvaret er slik ombodet ser det, direkte knytt til tidspunktet for avslutninga av A sin permisjon. X argumenterar med at den riktige tilbakemeldinga blei gitt i e-post dagsett 11. november, der det står at A ikkje nådde opp. At X har sendt denne e-posten først endrar sjølvsagt ikkje på at X dagen etterpå, etter å ha mottatt svar frå A, skreiv at ho ikkje var klar på nokre månadar. Ombodet kan heller ikkje sjå at e-postane sett i samanheng gir støtte til forklaringa til X om at dei ikkje har lagt vekt på permisjonen.

Ombodet finner på denne bakgrunnen at det er grunn til å tru at X, avdeling 1 la negativ vekt på at A var i foreldrepermisjon, jf. likestillingsloven § 16. Det er dermed opp til X å gjere sannsynleg at det berre var andre årsaker enn at A var i foreldrepermisjon som låg til grunn for utveljinga til vikariata.

X argumenterar mellom anna med at A er tilbakehalden med å gjere direkterapportering på fjernsyn. Det går også fram av notat dagsett 19. oktober 2007. Argumentet er saklig, og A erkjenner at hun er og har vore tilbakehalden på dette punktet, men at ho ønskjer å arbeide med direkterapportering i framtida. A har til tross for dette jobba der og blitt innkalla til intervju tidlegare. Dei to andre søkjarane, som blei tilsett, hadde heller ikkje erfaring med direkterapportering på fjernsyn. Argumentet har derfor avgrensa vekt.

X hevdar vidare at A ikkje hadde tilstrekkeleg spisskompetanse med omsyn til det redaksjonelle arbeidet på nett, medrekna ein personleg drivkraft for å utvikle nettproduktet. Denne påstanden er ikkje dokumentert. A er ueinig i påstanden, og meiner ho berre har fått gode tilbakemeldingar. Ombodet kan dermed ikkje leggje vekt på den.

Forbodet mot forskjellsbehandling gjeld alle deler av tilsetjingsprosessen og ikkje berre det endelige valet av kven som blir tilsett. X har oppgitt at dei har kasta notata frå intervjua, slik at det er vanskelig i ettertid å vise til kva for kvalifikasjonar som har vore avgjørande for utveljinga. X har dermed ikkje klart å vise tilbake at bruk av foreldrepermisjon har spilt ein ufordelaktig rolle i tilsetjing i dei to vikariata. Ombodet har ikkje med dette tatt stilling til kven som er best kvalifisert for stillinga eller kven som burde vore innkalla til intervju.

Ombodet finner at X, avdeling 1 ikkje har gjort sannsynleg at dei berre har lagt vekt på andre forhold enn foreldrepermisjonen til A. X, avdeling 1 handla dermed i strid med likestillingsloven §§ 4 andre ledd, jf. § 3.

Konklusjon

X, avdeling 1 handla i strid med forbodet mot indirekte forskjellsbehandling i likestillingsloven §§ 4, jf. § 3 på grunn av kjønn i tilknyting til tilsetjing i vikariat som reporter.


*  *  *


Likestillingsloven gir arbeidssøkjar som har blitt behandla i strid med likestillingsloven rett til å krevje oppreisning og erstatning utan omsyn til arbeidsgjevars skyld. Likestillings- og diskrimineringsombodet handhevar ikkje føresegna om erstatning. Viss A ønskjer å krevje oppreisning og/eller erstatning, må ho reise søksmål ved dei alminnelege domstolar.

Ombodet vil likevel oppfordre X, avdeling 1 til å gi A oppreisning og erstatning for eit eventuelt økonomisk tap. Ombodet ber om ei tilbakemelding på om X, avdeling 1 vil følgje oppfordringa til ombodet innan 30. mars 2010.