Ei kvinne henvendte seg til Likestillingsombodet med spørsmål om tilpassing ved praksisplass under studie. Kvinna var student ved ein høgskule, og skulle ha fem veker praksis som ein del av studiet. Kvinna amma og hadde omsorgen for eit lite barn, og søkte derfor om praksisplass ved ein skule nær heimen sin. Skulen var positiv til å ta imot kvinna og gruppa hennar av medstudentar. Kommunen hadde likevel bestemt at studentane måtte ha praksis ved ein annan skule. Til denne skulen var det ein times kjøyring kvar veg for kvinna, og det ville derfor vera vanskeleg for hennar å ha praksis ved skulen.

Likestillingsombodet ba kommunen om ei forklaring i saka. Ombodet viste til at manglande tilrettelegging for kvinner som ammar, etter omstenda kan være i strid mot forbodet mot forskjellshandsaming i § 3. I tillegg har kommunen plikt til å arbeide aktivt for likestilling etter likestillingslova § 1a. Ombodet sa at det utan tvil vil harmonere best med denne føresegna om kommunen legg tilhøva til rette slik at studentar med omsorgsplikter kan få praksisplass så nære heimstaden som mogleg.

Etter ombodets brev, rydda kommunen opp i saka, og kvinna fekk likevel praksisplass på den skulen ho hadde søkt om.

Saksnummer: 2005/207
Emne: studieplass, tilpasning
Klager: kvinne
Lovanvendelse: § 1.a,  § 3.0