Kommune diskriminerte ikke jobbsøker på grunn av kjønn eller alder

Ombudet konkluderte med at en kommune ikke hadde vektlagt kjønn eller alder da en mannlig søker ble forbigått til en rekke stillinger i kommunen.

Kommunen hadde en del år tidligere sagt ham opp på grunn av samarbeidsvansker. Mannen mente at dette ikke var den egentlige grunnen til at han ble forbigått, og at kjønn eller alder hadde vært avgjørende.

Ombudet mente at det var saklig å vektlegge tidligere erfaringer med en arbeidstaker. Oppsigelsessaken hadde blitt behandlet i lagmannsretten og ombudet kunne ikke overprøve rettens vurdering av hendelsesforløpet. Det forelå heller ikke indikasjoner på at kjønn eller alder hadde vært vektlagt da de valgte ikke å ansette ham.

Mannen klaget saken inn for Likestillings- og diskrimineringsnemnda. De opprettholdt ombudets konklusjon. Uttalelsen er foreløpig ikke publisert på nemndas nettsider.

  •  Saksnummer: 15/1400
  • Lovgrunnlag: likestillingsloven § 5, arbeidsmiljøloven § 13-1 (1)
  • Dato for uttalelse: 24.05.16
  • Nemndas saksnummer: 42/2016
  • Dato for nemndas uttalelse: 09.11.17

 

Sakens bakgrunn

A er fødd i 1947, utdanna lege og arbeida som kommunelege/fastlege i X kommune i tidsrommet 1977-2006. I denne perioden var han fast tilsynslege på sjukeheimen i kommunen og hadde helseundervisning på skulen saman med helsesøster. Han vikarierte også tidvis i andre skuletimar ved sjukdom hos andre lærarar. Vidare var han med på å starte kommunens første barnehage og har utført assistentarbeid der.

X kommune sa i august 2007 opp A frå ei deltidsstilling som samfunnsmedisiner i kommunen. Saka fekk betydeleg omtale i lokale medier. A tok ut søksmål mot kommunen med påstand om at oppseiinga var ugyldig. I tilsvaret begjærte kommunen at A skulle fråtre stillinga fram til oppseiingssaka var avgjort.

I Kristiansand tingrett si orskurd av 22. februar 2008 var slutninga:

A fratrer sin stilling som samfunnsmedisiner i 14 timer pr. uke i X kommune fra 1. mars 2008 og inntil saken er rettskraftig avgjort.

A anka til Agder lagmannsrett. Av lagmannsrettens orskurd fremgår:

Lagmannsretten finner, slik som tingretten, det bevist i tilstrekkelig grad at det har vært en rekke samarbeidsproblemer mellom A og kommunen som arbeidsgiver, og mellom A og andre ansatte i kommunen. Lagmannsretten er enig i at disse problemene synes A med sine fremgangsmåter og adferd for øvrig å måtte bære en overveiende del av ansvaret for.

Det har her ikke noen avgjørende betydning at A nå er blitt frifunnet i tingretten i den private straffesaken som tidligere rådmann hadde anlagt i anledning påstanden om at A hadde fremsatt injurierende utsagn. A har i forkant av saken trukket tilbake en del av de omstridte utsagnene ved offentlig dementi. Urettmessigheten av disse utsagnene som fremstår som de mest alvorlige i sakens sammenheng, har dermed blitt bekreftet uansett den senere frifinnelse for øvrige omstridte utsagn.

Lagmannsretten er her forøvrig enig med tingretten i at med det saklig nære innhold det har vært mellom As ansettelsesforhold og hans øvrige kontraktsrettslige relasjoner til kommunen, er det grunnlag for ved vurderingen av om det foreligger rettslig og saklig grunnlag for oppsigelse, også å se hen til hvordan samarbeidsrelasjonen i disse andre forholdene har utviklet seg.

(…) Det at en rådmann som har stått sentral i noen av de konfliktfylte forholdene med A, har sluttet, får imidlertid ikke i seg selv noen avgjørende betydning for vurderingen av situasjonen. Lagmannsretten kan ikke se at konflikten med A, primært har dreiet seg om motsetninger på personlig plan, idet rådmannen har opptrådt i egenskap av overordnet og det er de tjenestlige handlingene som hun har utført som er aksentuert i konflikten med A.

Det må i alle tilfeller legges avgjørende vekt på at As stilling er av en slik ledende og selvstendig karakter i kommunen at en tillitssvikt hos arbeidsgiver må formodes å umuliggjøre en tilfredsstillende utøvelse av funksjonen. (som samfunnsmedisiner i kommunen, ombodets anmerkning) Det er fra kommunens side gitt klart uttrykk for at As handlinger og adferd gjennom perioden har medført at tilliten til A er gått tapt, og det fremstår for lagmannsretten som at dette først og fremst må tilskrives A.

Om bevisvurderinga og lovtolkninga var rettens slutning:

  •  Anken forkastes.

Saka vert ikkje anka til Høgsterett. I etterkant av orskurda godtok A oppseiinga. Han arbeidet etter dette som lege i fleire andre kommunar i distriktet.

Sakens forløp frå 2010 og frem til i dag Etter at A fylte 62 år har han regelmessig vore i kontakt med X oppvekstsenter og sagt seg interessert i å vere tilkallingsvikar. X oppvekstsenter inneheld barnehage, SFO og barne- og ungdomsskule. Han søkte også på fleire utlyste vikariat første halvår 2013 på X skule og i pleietenesta.Tilsettingsprosessen for vikarstillingane ved skulen vart stogga av økonomiske grunnar. A ba om innsyn i den utvida søkjerlista for vikarstillingane ved skulen, men fekk ikkje det.

For vikarstillingane i pleietenesta framgjekk følgjande av utlysningsteksta:

Ferievikarar

Vi treng ferievikarar i fylgjande einingar:

  • Pleie- og omsorg (Y og Open omsorg)
  • Tenesta for psykisk utviklingshemma

(…)

Vi søkjer etter sjukepl./vernepl./hj.pl./fagarb. og studenter som har interesse for arbeid med menneske, motivasjon, fleksibilitet og pliktfølelse for oppgåvene som tildelast.

(…)

Dei som kan arbeide i lengre perioder vil bli prioritera.

(…)

Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar. A søkte på stillingane, men vart ikkje innkalla til intervju eller tilsatt.

Partenes syn på saken

A:

A meiner at X kommune har diskriminert ham på grunn av kjønn og/eller alder i tilsettingsprosessane, både til vikariatene og som tilkallingsvikar. Han har eit genuint ønskje om å bidra til å bedre levevilkåra for innbyggjarane i kommunen. I dei kommunale skulane, barnehagene og sjukeheimane er arbeidsstokken i stor grad dominert av yngre og middelaldrende kvinner. Kommunen burde derfor sjå verdien av å ha ei meir kjønns- og aldersbalansert samansetning av ansatte, av omsyn til både barna og dei eldre som mottek tenester frå kommunen.

Ombodet kan ikkje leggje til grunn lagmannsrettens orskurd. Den var ikkje eit resultat av rettsforhandlingar, men av at ein einsleg dommar skulle ta stilling til om han kunne halde fram i stillinga i påvente av at oppseiingssaka vert avgjort. Resultatet er også feil, då retten har lagt til grunn at det var ein konflikt mellom ham som arbeidstaker og dåverande rådmann som arbeidsgjevar. Faktum er at det var ein personkonflikt, ikkje ein arbeidskonflikt. Den dåverandre rådmannen vart også oppsagt i 2007.

A har lagt fram totalt 16 fråsegn frå tidlegare arbeidsgjevare og kolleger, over- og underordna, som alle gir ham gode skussmål som arbeidstakar.

Forbigåing som tilkallingsvikar ved X oppvekstsenter

A opplyser at han fleire gongar var i kontakt med rektor ved X skule om mogleiken for å vere tilkallingsvikar. Han fekk beskjed om at han var ein reell kandidat fremover, men har ikkje fått ein einaste vikartime.

Etterkvart som det tok tid før han vart kontakta av skulen, byrja han å søkje på lærarvikariater i andre kommuner. I den anledning henta han inn politiattest, då han tenkte det ville vere ein fordel om han hadde det klart på førehand. Då han kontakta lensmannskontoret, fekk han beskjed om at på grunn av stor pågang for å få politiattestar, hadde dei innført krav om at ein måtte leggje fram ei skriftleg stadfesting frå arbeidsgjevar om at han hadde ei uformell avtale som tilkallingsvikar.

Då A tok kontakt med skulen igjen, fekk han beskjed om at han ikkje kunne få ein slik attestasjon, men fekk ingen vidare grunngjeving. Rektor meinte det ville vere meir fordelaktig om A haldt fram som legevikar i dei fire kommunane i fylket, slik han hadde gjort dei siste seks åra. Dette fordi han ville tene det mangedobbelte av det han kunne oppnå ved skulen.

A reagerte på dette og kontakta rådmannen for å få skriftleg svar på om han var aktuell som tilkallingsvikar eller ikkje. Tilbakemeldinga han fekk var berre at administrasjonen i kommunen oppfylte alle reglar og prosedyrekrav.

Utlyste vikarstillingar på X skule

A bestrider ikkje at tilsettingsprosessen måtte stoggas på grunn av dårleg kommuneøkonomi. Han meiner likevel å ha krav på innsyn i den utvida søkjerlista. Dette fordi han ville vite om nokon av søkjarane hadde blitt engasjert som tilkallingsvikar i løpet av skuleåret. Etter utlysingsteksta var dette noko som «skal avklarast med rådmannen».

Utlyste vikarstillingar i pleietenesta

Etter at A hadde sendt inn søknaden sin fekk han melding om at tilsettingsprosessen vart utsatt til mai. Etter dette høyrde han ikkje meir frå kommunen, og han anser dette som ei klar forbigåing av ham som eldre, mannleg søkjar.

Generelt om tilsettingar i kommunen

Til sist meiner A at X kommune generelt har eit einsidig fokus på å tilsette yngre personer, og han meiner dette kanskje er fordi ein ønskjer å ha fagfolk i meir langvarige arbeidsforhold.

X kommune:

X kommune representeres av advokat Øyvind Gjelstad. På vegne av kommunen avviser han at A har blitt diskriminert på grunn av alder eller kjønn.

Våren 2013 gjennomførte kommunen ein nedskjæringsprosess. Denne gjekk mellom anna utover bruk av vikarar.

Forbigåing som tilkallingsvikar ved X oppvekstsenter

Oppvekstsenteret har ei liste over personar som er interessert i å bli oppringt dersom det blir akutt sykdom på avdelinga. Dette er ikkje ei offisiell liste og det er ingen formelle prosessar som ligg til grunn for å melde si interesse for skulen. Skulen har ingen opplysningar om kven som stod på denne lista i 2013, kven som har blitt oppringt ved akutte situasjonar eller kven som har takka nei eller ja til å arbeide som vikar.

Gjelstad antar at skulen først og fremst har kontakta dei som tidlegare har påtatt seg arbeidet, kommunen allereie har ein relasjon til og som i størst mogleg grad har dei kvalifikasjonane som er nødvendig.

Den typiske situasjonen kor det oppstår behov for ein tilkallingsvikar er at ein lærar eller assistent kontaktar skulen på morgonen før skulestart og seier ifra om at han eller ho er sjuk. Skulen har då frem til skulestart eller den aktuelle timen startar med å få tak i ein vikar. I ein slik kontekst er det klart at skulen ikkje foretar ei utveljing basert på kjønn eller alder.

På grunn av innsparingane i kommunen er det også uklart om det i det heile tatt vert brukt tilkallingsvikarar.

Utlyste vikarstillingar på X skule

Ettersom tilsettingsprosessen vart stogga, utarbeida ikkje kommunen nokon søkjarliste. Dette var grunnen til at A ikkje fekk innsyn.

Kommunen har ingen eigen oversikt over om nokon av søkjarane har blitt engasjert i enkelttimar ut skuleåret, men på grunn av den pressa kommuneøkonomien anser dei det som usannsynleg. Dersom det likevel har skjedd, er det uansett ikkje fordi dei har søkt på vikarstillingane, men fordi dei har kontakta oppvekstsenteret på samme måte som A gjorde.

Då det vart lagt ein ny bemanningskabal for skuleåret 2013/2014, lyste kommunen ut fleire undervisningsstillingar, både faste og vikariatar. A søkte ikkje på nokon av desse stillingane. I denne tilsettingsprosessen ble to menn tilsatt.

Utlyste ferievikarstillingar i pleietenesta

Gjelstad opplyser at det var totalt 51 søkjarar til ferievikarstillingane. Totalt fekk 13 tilbod om jobb i første omgang. Ettersom behova endra seg utover sommaren, fekk ytterlegare 3 søkjarar tilbod. I tillegg var det 12 søkjarar på stillingane innen tenesta for psykisk utviklingshemma. Av desse fekk 9 tilbod om jobb. Nokon av søkjarane hadde søkt på begge stillingane. Av dei som fekk tilbod var det både kvinner og menn i aldersspennet 18-63 år, og den eldste var ein mann.

Fleire av søkjarane hadde tidlegare arbeidet i kommunen. Sommervikarar er tilsett for ein kort periode og kommunen har då fokus på følgjande momenter:

  • Dei som har fast deltidsstilling i kommunen og som ønskjer å utvide stillinga si i ferien.
  •  Dei som har arbeida som ferievikar tidlegare og er kjent med arbeidsrutiner, gjeremål etc.
  • Tidspunkt for når søkjarane kunne arbeide.

I tillegg til utdanning og praksis legg kommunen vekt på om søkjaren er personleg eigna eller skikka for stillingane. Kommunen har hatt negativ erfaring med A som arbeidstakar. Dette underbygges av orskurda frå lagmannsretten. Det er ikkje ulovleg for kommunen å vektleggje tidlegare erfaringer med ein arbeidstakar negativt i ein tilsettingsprosess. Dette gjeld særleg når arbeidstakaren har blitt oppsagt på grunn av konfliktar på arbeidsplassen.

Rettsleg grunnlag

Ombodet håndhever likestillingsloven og arbeidsmiljøloven kapittel 13, jf. diskrimineringsombudsloven § 1 annet ledd nr. 1 og 5. Ombodet kan gi fråsegn om eit forhold er i strid med loven, jf. diskrimineringsombudsloven § 3 tredje ledd, jf. § 1 andre ledd nr. 1 og 5.

Forbodet mot diskriminering på grunn av kjønn og alder

Likestillingsloven forbyr diskriminering på grunn av kjønn, jf. § 5 første ledd første punktum. Med diskriminering meines direkte og indirekte forskjellsbehandling som ikkje er lovleg etter unntaksregelen i § 6, regelen om positiv særbehandling i § 7 eller forskrift om særbehandling av menn.

Med direkte forskjellsbehandling meines at ei handling eller unnlating har som formål eller virkning at ein person blir behandla dårlegare enn andre i tilsvarande situasjon, og at dette skyldes kjønn, jf. § 5 andre ledd andre punktum.

På same måte er det etter arbeidsmiljøloven § 13-1 (1) forbudt å diskriminere på grunn av alder.

Omfanget av diskrimineringsforbodet og bevisreglar

Diskrimineringsforbodet gjeld alle sider av eit tilsettingsforhold, jf. likestillingsloven § 17 og arbeidsmiljøloven § 13-2.

Det skal legges til grunn at diskriminering har funnet sted hvis det foreligg omstende som gir grunn til å tru at det har skjedd diskriminering og den ansvarlege ikkje sannsynleggjer at diskriminering likevel ikkje har funnet sted, jf. likestillingsloven § 27 og arbeidsmiljøloven § 13-8.

Ein påstand om diskriminering er ikkje nok til at ombodet kan konkludere med at det er” grunn til å tru” at diskriminering er skjedd. Påstanden må støttes av andre opplysningar eller sakens omstende for øvrig.

Ombodets vurdering

Ombodet skal ta stilling til om X kommune har diskriminert A på grunn av kjønn i strid med likestillingsloven § 5 og/eller på grunn av alder i strid med arbeidsmiljøloven § 13-1 (1) ved ikkje å tilby ham utlyste vikariater eller tilkallingsvikariat.

Skal klagen avvises?

Ombodet og Likestillings- og diskrimineringsnemnda har plikt til å avvise saker som har vore avgjort av eller er brakt inn for domstolene, jf. diskrimineringsombodslova § 6 tredje ledd. Deler av saka har vore behandla i Agder lagmannsretts orskurd av 21. april 2008. Ombodet ser det derfor som naturleg å først ta stilling til om vilkåra for å handsame saka er oppfylt.

Lagmannsrettens orskurd knytter seg til om A skulle fråtre stillinga i påvente av at oppseiingssaka vert avgjord. Orskurda er rettskraftig og ombodet kan ikkje overprøve lagmannsrettens vurderingar, herunder rettens vurdering av faktum i saka.

Imidlertid gjeld ombodets sak forhold i etterkant av orskurda og reiser diskrimineringsrettslege spørsmål. Hendelsesforløpet frå og med 22. april 2008 og dei diskrimineringsrettslege problemstillingene er ikkje avgjort av eller brakt inn for domstolen. Ombodet meiner derfor at vilkåra for å handsame saka er oppfylt.

Klagen avvises ikkje.

Har X kommune diskriminert A på grunn av kjønn og/eller alder?

Det følgjer av fast praksis hjå både ombodet og Likestillings- og diskrimineringsnemnda at det å bli forbigått til ei stilling er å bli stilt dårlegare i likestillingslovens og arbeidsmiljølovens forstand.

Spørsmålet er då om det er grunn til å tru at As alder og/eller kjønn har vore ei medverkande årsak til at han vart forbigått.

Ved tilsettingar i det offentlege gjeld det ulovfesta kvalifikasjonsprinsippet. Dette innebærer at den som er best kvalifisert til stillinga skal tilsettes. Kven som er best kvalifisert, vil bero på ei konkret vurdering av kva krav som stilles for stillinga, sett opp mot søkjarnes kvalifikasjonar, erfaring og personlege eigenskapar.

Slik ombodet ser det, er A godt formelt kvalifisert til stillingane innen pleie- og omsorgstenesta. Kommunen har imidlertid opplyst at han ikkje var aktuell fordi dei frå tidlegare har erfaring med ham som arbeidstakar. Dei har her vist til lagmannsrettens orskurd og meiner det er sakleg å vektleggje slike erfaringar i framtidige tilsettingsprosessar.

Slik ombodet ser det, er spørsmålet om korvidt ei tidlegare oppseiing av ein arbeidstakar kan vektleggjast i framtidige tilsettingsprosessar avhengig av årsaka til oppseiinga. Dersom oppseiinga skyldes nedskjæringar, omstrukturering eller liknande forhold, vil ein vanskeleg kunne høyras i ei diskrimineringssak med at vedkommande tidlegare har blitt oppsagt.

I denne saka knytta imidlertid oppseiinga seg til konflikt og samarbeidsvanskar mellom A og kommunen, slik lagmannsretten la til grunn. Som nemnt ovenfor, kan ikkje ombodet overprøve lagmannsrettens vurdering. Ombodet må derfor leggje til grunn at det er bevist at det var ein konflikt mellom A og kommunen, og at dette ikkje var ein personleg konflikt mellom A og den dåverande rådmannen, men ein konflikt mellom arbeidstakar og –gjevar.

I ein situasjon som dette meiner ombodet det er sakleg å vektleggje tidlegare erfaringar med ein jobbsøkjar. Slik ombodet ser det, er det ikkje andre omstende i saken som tilseier at kommunens tidlegare erfaringar ikkje var grunnen til at A vart forbigått. Kommunen har ikkje klart å dokumentere bruken av ringevikarar, men dette er heller ikkje tilstrekkeleg til å seie at det er grunn til å tro at alder eller kjønn har vore vektlagt.

Det foreligg derfor ikkje grunn til å tru at kommunen har vektlagt As alder eller kjønn.

Konklusjon

X kommune diskriminerte ikkje A på grunn av alder eller kjønn i strid med likestillingsloven § 5 eller arbeidsmiljølove